La det vere sagt med ein gong: Marta Norheim gjer det klårt frå første stund at denne boka er for "vanlege lesarar", og då er eg diskvalifisert. Likevel må eg kunne vurdere boka som struktur og heilskap, og ikkje bare slå fast at lesinga av mange bøker utan tvil byggjer på ekte leseglede og syner god evne til å formidle sentrale aspekt ved dei. Eg har to hovudinnvendingar mot boka:

Misvisande.

For det første er det ikkje lov å bruke nemninga "samtidslitteraturen" når alle aktive forfattarar som debuterte før 1990 ikkje får plass i boka. Det er legitimt å gjere eit utval; t.d. å skrive om dei unge og lovande som kanskje er dei som kjem med noe nytt i norsk litteratur. Men samtidslitteraturen blir år om anna dominert av forfattarar som debuterte på 60-, 70- og 80-talet. Trass gode debutantar og mykje ungt talent, er dei gamle stadig eldst i norsk prosadikting. Å freiste å formidle eit inntrykk av kva som rører seg i norsk samtidslitteratur, lese seg fram til trendar og tendensar, utan å ta med fleire titals bøker som her er definerte ut, blir misvisande. Det som skjer med utvalskriteria Norheim brukar, er at seine debutantar blir tatt med, også om dei er fødde så tidleg som i 1950. Andre, som t.d. Jon Fosse eller Jan Kjærstad, fell utafor fordi dei debuterte tidleg, medan Anne B. Ragde så vidt slepp gjennom sidan ho skreiv barnebøker før 1990!

"Store romanar".

Det er nok også slik at ei inndeling ut frå tematiske interesse i for stor grad har styrt utvalet av forfattarskap og bøker. Det har lite for seg, til og med for vanlege lesarar, å dele inn romankunsten i bøker fra bygda eller frå byen, eller gruppere ut frå om barndom, familie, mannsproblem eller kvinneinteresser er sentrale. Minst vellykka er inndelinga når vi får eit kapittel med "store romanar" og eit anna der bøker som skildrar ulike yrke blir grupperte saman. Store romanar tyder her lange og omfangsrike bøker. Det er lett å skjønne at ei inndeling ut frå form og uttrykksmåte ikkje høver for den mottakargruppa Norheim har definert, men meir vekt på formelement ville kanskje ha gjort lesingane djupare og meir interessante. Boka har eit sluttkapittel som peikar på nokre tendensar i den delen av samtidslitteraturen som blir omtalt, og her blir nokre fagbøker nytta for å syne at det flytande og flyktige kanskje er ein høveleg samlekarakteristikk for situasjonen i norsk litteratur nå. Alle heltane er borte, tradisjon og faste band, det å høre heime og vere del av ein fellesskap, er redusert eller fråverande. Det minner ikkje lite om ein postmoderne tilstand, men det er fint formulert og kunne med fordel ha vore nytta som innleiing - og då kunne bokomtalane som følgjer kome til å bety på nye måtar.

Entusiastisk.

Eg kunne ha gått inn på omtalen av enkeltbøker og forfattarskap, men det er det ikkje plass til her. Lat det bare vere sagt at Marta Norheim har følgd godt med i den nye norske litteraturen, og er ein entusiastisk formidlar. Kvifor ein vegvisar som denne må vere "røff", veit eg ikkje, og minst av alt set eg pris på at han må vere så kjapp. Mange skal med, det er så, og lesehjelp skal gjevast. Men eg trur like gjerne det er omstendeleg lesing og grundig ettertanke den typiske eller vanlege lesar set mest pris på.