• Kjartan Fløgstad har skrive ei original og intelligent bok.

    FOTO: ROLF M. AAGAARD

Hieroglyfar frå ei nær fortid

Fløgstad har funne eit monument over den europeiske høgmodernismen - i gruvebyen Pyramiden på Svalbard.

«PYRAMIDEN. PORTRETTET AV EIN FORLATEN UTOPI.»
Ved sida av ein stor skjønnlitterær forfattarskap har Kjartan Fløgstad med ujamne mellomrom gitt ut essays, debattbøker, fagbøker. Det er ofte slektskap mellom dei to sidene av verksemda, og det er mykje å finne i "Pyramiden" som minner om andre av bøkene hans. Likevel er dette både ei original og intelligent bok. Her blir ein forlaten gruveby, bygd etter prinsippa frå ein diktatorisk stalinistisk estetikk, analysert frå mange sider. Det gjeld både arkitektur og kultur, arbeid og fritid, og det gjeld dette at staden brått og brutalt blei forlaten og overlate til forfall og vandalisering. Samstundes som Fløgstad gir sitt portrett av ein ekstrem utopi, som både blir ei skildring av ei reise og ei oppleving, går han vidare til andre gruvebyar, til kulturelle utrykk for arbeidet i gruvene, og set det heile inn i ein større samanheng. Pyramiden blir ståande som eit slåande gravmæle over ein fase av industrialismen då livet over jorda var sterkt avhengig av arbeidet under jorda. Pyramiden blir tolka som ein skriftstad i det moderne, og har sine røter i avantgardistisk kunst eller i mange av dei -ismane frå tidlig 1900-tal som Fløgstad også dreg fram og les arkitektur og kunst mot.

Monument, gravmæle, skriftstad.

Det er ei glede å følgje Fløgstad og reaksjonane hans i møtet med Pyramiden og i dei undersøkingane han gjer i hovudkontoret til gruveselskapet i Moskva. Han har henta mykje innsikt frå Boris Grojs som har skrive om stalinismens kunst, men kan også bidra sjølv med å utvide perspektivet på gruvedrift og arbeidet under jorda ved å gå til litteratur og populærkultur. Han blir ein vegvisar til underjorda, der diktarar som Holberg, Wergeland, Ibsen, Falkberget og Orwell alle er med, slik Zolas store gruveroman, "Germinal", sjølvsagt er det. Den mest kjende av alle "låter" om gruvearbeidarane, "Sixteen Tons", er også trykt i boka. Men Fløgstad held igjen når det gjeld å parallellføre tolkingar av byggverk og arbeid og liv i Pyramiden med nedstiging i sinnets mørke gangar - som hos Ibsen. Noko må få lov til å vere det det kanskje er, for det kan vere meir enn nok. Slik sett er omtalen av andre gruvebyar og andre industristader, mellom anna i Sør-Amerika, minst like viktig som dei litterære tekstene, for her får forfattaren høve til å undre seg over kor mykje av det vi ser og tolkar som blir styrt av vår eigen bakgrunn. Dei som levde og arbeidde i Pyramiden og liknande stader, ville aldri sjå det vi ser eller dømme slik vi gjer.

Fotografi.

Siri Hermansens serie med bilete frå Pyramiden var det som sette Fløgstad i gang med å skrive. Fotografia som er med i boka er både ei støtte for teksten, og ei utviding av han. Den vesle boka om ein realisert draum, ein verkeleg utopi som tida og historia har gått i frå, er slik også blitt ei vakker bok. Fløgstads sluttkapittel om eit slags postmoderne etterliv for Pyramiden fram til 2017 - året då ein verkeleg bør feire at det 20. hundreåret tar slutt - er både ironisk og utleverande, men boka kunne klart seg utan dette utopiske tillegget.

Kommentarer

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid