Spennande og frisk debut

Friskt og avslørande, men nokså uavklart portrett av ein middelaldrande lektor gjennom ei veke av livet der det meste går nord og ned, men ikkje er heilt utan håp.

«Veke 53»
Det er oppløftande at ein ung kvinneleg debutant vel ein hovudperson og eit emne som i alle fall ikkje kan vere sjølvopplevd, og som er så langt unna den
sjølvopptatte undersøkinga av eige liv som vel mogleg.

Nedturshistorie.

Agnes Ravatn (fødd 1983) har kanskje ikkje hell med seg i eit og alt når det gjeld å skildre livet til ein mannleg norsklektor som er i femtiårsalderen, og som i einsemd og fortviling nyttar ironi og sarkasme til sjølvforsvar og for å halde ut. Han er fråskild, med ei dotter som han sjeldan har kontakt med, og med få unnatak har han eit problematisk tilhøve til kollegaene på den landsens vidaregåande skule der han arbeider. Han drikk for mykje, men er ein god lærar, sjølv om siste skuledagen før juleferien gjer at han kan miste stillinga si.På nesten alle nivå opplever vi ei nedturshistorie, der lektor Georg Ulveset ikkje berre veit at han alltid har valt feil, men i smått og stort gjer feil val kvar gong det kan veljast. Største feilen var kanskje at han gifta seg då han gjorde det, for han hadde på same tida ei stor kjærleiksoppleving med ei Marlene (etternamnet visste han aldri) som han sidan ikkje har sett.

Død - og nytt liv?

"Veke 53" kan vise til siste veka i året, med julekvelden og den totale einsemda for den som åleine er, men kan også peike på håpet om ei ekstra veke lagt til dei femtito andre, slik at ein kan rette opp alt som er vrangt og gale. I Georg Ulvesets liv hender det at faren hans dør denne veka, og - under over alle under - han møter Marlene frå ungdomen igjen. Samstundes er bestevennen til Georg blitt alvorleg sjuk, medan andre han har møtt syner sider både vi og Georg ville ha vore glade for ikkje å ha visst om. Men det er avslørande og modig gjort av forfattaren å legge inn så vidt mange vanskar og avvik og mørke djup under kvardagslivet mellom vanlege menneske. Kanskje må Georg berre akseptere at ein lever ei stund utan at ein kan vente å gjere større skilnad, som faren, som han sjølv, som dottera kanskje vil gjere? Kanskje treng vi alle ei ekstra veke, ei veke 53, slik Georg vonar Marlene vil gje han? Med slike spørsmål sluttar ein velskriven roman av enda ein lovande debutant. Det er gledeleg å registrere god tilvekst og jamt over høgt nivå innafor den nynorske litteraturen akkurat nå.

Kommentarer

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Flere bilder