Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Kongeriket Jóanes Nielsen

Sjokkerande direkte dikt frå moderne færøysk lyrikar.

Joánes Nielsen
«Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn»
Gjendiktaren Lars Moa skal ha all ære for å ha gjeve oss ei så grundig innføring i ein moderne færøysk forfattarskap som vi har fått med dei tre bøkene av poeten Jóanes Nielsen. Frå før har Moa gjendikta to separate samlingar frå Nielsens nyare produksjon ("Sting" og "Bruer av svoltne ord").

Likegyldige eldre dikt.

Årets "Frå alle kantar ber vinden med seg ord og plantar og teikn" er eit utval av Nielsens fem fyrste diktsamlingar, frå debuten i 1979 med "Den trettande månaden" til "Kyrkjene på havsens botn", 1993. Samstundes med at eg er takksam for den breide presentasjonen av ein poet frå eit land og eit språkområde som er lite påakta i dagens Noreg, snik det seg fram eit spørsmål om det er tenleg å ta med så mykje av denne poetens tidlege produksjon. For det er mykje i fyrste halvparten av boka som rett og slett er ganske likegyldig lyrikk, i slekt med den programstyrde diktinga som fleire marxist-leninistar produserte her hos oss på 1970-talet.

Kvalitetssprang.

Truleg hadde det vore betre å ta med berre nokre få dikt frå dei fyrste samlingane og heller gjendikta heile "Kyrkjene på havsens botn" - for det er fyrst på 1990-talet at denne poeten står fram som ein original diktar. Den kommunistiske orienteringa har heile tida vore tydeleg og direkte uttala i forfattarskapen. Men det er ikkje berre eit tidsskilje, det er eit veldig kvalitetssprang mellom plakat-formuleringar i den fyrste samlinga som til dømes "... Med løpesetlar og talar/ med demonstrasjonstog og songar/ skal vi reise eit parti:/ Hallo kamerat/ brett opp ermene/ kampen har for lengst begynt." - og fram til "Via Dolorosa" i 1993-samlinga, der kanskje den Gud som Jesus påkalla er "... berre vinden som larmar/ gjennom fattigkvartera og fyller kyrkjetårna med/ ei sørgmodig piping./ Kanskje er Gud det djupe hjartesukket i einsemda/ pusten mot ei isdekt rute/ eller vindpustet i lyse sommargardiner..."

Det råe og det vâre.

Det som særpregar den mogne lyrikaren Jóanes Nielsen er ein fin balanse mellom råe uttrykk og vâre kjensler.Ofte er han sjokkerande direkte, både i skildringa av unemnelege delar av kvinnekroppen og i uttrykka for klassehat. Det siste vart vi jo fortrulege med også her i landet på 70-talet med m-l-dikt som no er steindaude. Det meir interessante er korleis Jóanes Nielsen sameinar ei internasjonal kommunistisk rørsle med færøysk nasjonalisme: Den cocktailen med nasjonalisme og sosialisme må vi helst til islandsk tidleg modernisme for å finna parallellar til.Men i rettferds namn må det nemnast at Nielsen har eit skråblikk på si eiga rolle: "Kongeriket Jóanes Nielsen er eit opent land", skriv han og understrekar at "Eg snakkar om ein sosialisme med opne hender". Det er mange fine, sterke og altså provoserande dikt heilt mot slutten av denne boka, men eg ville altså helst ha unngått den langdryge fyrste halvparten med direkte dårlege og middelmådige dikt. Det er mot slutten vi les: "... Har tatt mål av hjartet mitt,/ ute på havet seglar ei svart ferje."

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • - Ja, jeg er en geek

    Fantastisk litteratur er i skuddet. I helgen besøker den populære, britiske forfatteren China Míeville Oslo.

Relaterte bilder

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer

Profilerte lederstillinger

Profilerte stillinger