Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • I Bjørnsons beste er det Bjørnson eg blir betre kjent med, ikkje kjærleiken, ikkje meg sjølv eller tida eg lever i, skriver anmelderen.

Sterk mann, svake dikt

Ironien er daud. Leve Bjørnson?

Bjørnstjerne Bjørnson
«BJØRNSONS BESTE. DIKT I UTVALG VED EDVARD HOEM»

Hei, kulturarv! Du var visst ikkje heilt bortgjømt. Når eg opnar Bjørnsons beste, blir eg overraska over kor kjente desse dikta er: «Ingrid Sletten», «Og reven lå under birkerot», «Løft ditt hode, du raske gutt», «Jeg velger meg april», «Ja, vi elsker dette landet». Bjørnson stod ikkje på pensum då eg studerte nordisk på byrjinga av 2000-talet. Forfattaren var viktig for nasjonsbygginga, men for ujamn som diktar; stor i si eiga samtid, men utdatert no.

Jubel og politikk

Nasjonalskalden blir i markeringsåret feira med ei best-of-bok, redigert av forfattar og Bjørnson-biograf Edvard Hoem. For dagens lesarar er det særleg jubelen ein legg merke til. Bjørnson skreiv fleire reine tøysevers, og står fram som leiken og lite sjølvhøgtideleg.

Eventyrmotiva underbyggjer i tillegg det politiske prosjektet: å skape ei norsk folkekjensle og identitet. Diktet «Siste sang» blir ofte brukt for å forklare forfattarskapen: «Jeg levde mer enn jeg sang: / Jeg tanker, harm og jubel slang / omkring mig, hvor jeg gæsted.» Kvaliteten ligg i det spontane og engasjerte, ikkje i det polerte og gjennomarbeidde.

«Åbne vande!» handlar om fryden over at Oslofjorden igjen er isfri, slik at verdsmannen kan reise vekk. Dette seier noko om livshandlinga: Bjørnson skriv ikkje om kor tungt det er å kjenne seg innestengt, men om kor herleg det er å sleppe fri! Optimismen, naiviteten og det inderlege ved Bjørnsons dikt har nok medverka til at han har verka uaktuell for ironigenerasjonen. Kanskje er det noko i tida som gjer han lettare å svelgje no.

Mannen, ikkje dikta

I etterordet skriv Hoem at Bjørnson er best når han skriv om universelle tema. Eg veit ikkje, eg. «Jeg velger meg april» er eit fint dikt. Men om eg treng ei påminning om å halde ut, finn eg heller fram Karin Boyes: «Ja visst gör det ont». Hoem skryt av Bjørnsons «Det første møde», men Inger Hagerup og Halldis Moren Vesaas skriv langt betre om lykke.

I Bjørnsons beste er det Bjørnson eg blir betre kjent med, ikkje kjærleiken, ikkje meg sjølv eller tida eg lever i. Dersom Bjørnson har relevans i dag, er det gjennom den haldninga til livet og samfunnet som omsluttar forfattarskapen.

Hoem er inne på noko når han hevdar at det står «ein frisk pust» av desse dikta, sjølv om dei som einskilde dikt er langt svakare enn mannen.

Kjersti Rognes Solbu

Siste fra seksjon

  • - Ja, jeg er en geek

    Fantastisk litteratur er i skuddet. I helgen besøker den populære, britiske forfatteren China Míeville Oslo.

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer

Profilerte lederstillinger

Profilerte stillinger