• -Ingen ønsker tigging, tigging løyser ingen problem, men partiet Høgre bør lytte nøye til dei som arbeider med folk på gata, skriver Frode Grytten.

    FOTO: ROLF ØHMAN

Høgre utan hjarte

Tigging. Sentrale Høgre-folk nyttar no sine politiske musklar til å gå laus på samfunnets svakaste. Det er ikkje overraskande, men likevel skuffande.

Frode Grytten
Michael Tetzschner og André Oktay Dahl med fleire vil ha forbod mot tigging og vil fremje saka på Høgres landsmøte til helga. Dei kallar tiggarane for rumenske bandar og tiggarproblemet for del av trafficking og menneskehandel.

Kva slags nasjon er vi?

Dette er vanlig snakk når nokon vil angripe dei svake, ein må demonisere dei fattige og gjøre dei til del av det vonde. Dei er problemet, ikkje fattigdomen. Dei er trusselen, ikkje mekanismane som gjør at dei fattige forblir utanfor fellesskapet. Løysinga er forbod og kriminalisering. Kva slags nasjon er vi som gjør tigging til eit problem for oss sjølve og ikkje foreslår eitt einaste konkret tiltak for å hjelpe det sterkt diskriminerte rom-folket?

For sjølv om Tetzschner & Co medvite unngår å seie det, så er sanninga at særs mange av dei utanlandske tiggarane nettopp er rom-folk, eit folk som har vore forfølgd, plaga, myrda og utstøytt i Europa i århundre. Ein gong hadde dei frie yrke som smedar, korgmakarar, skraphandlarar, musikarar, blekkslagarar. No har industrisamfunnet og konsumøkonomien underminert etterspurnaden etter slike tenester, og rom-folket er blitt til overs.

Eit snikande folkemord

I eit samfunn der alle skal vere til nytte, finst det ikkje lenger plass for rom-folket. Resultatet er eit snikande folkemord der rom-folket er tvunge til å leve i randsona, i gjørmehòl av landsbyar utanfor sivilisasjonen, med eit lite håp om at storsamfunnet skal gi dei nokre smular å leve av. Er det ikkje påfallande at ikkje ein einaste norsk politikar talar rom-folkets sak? Og er det ikkje til å grine av at vellykka Høgre-folk ikkje orkar å sjå desse fattige?

Ingen ønsker tigging, tigging løyser ingen problem, men partiet Høgre bør lytte nøye til dei som arbeider med folk på gata. Forskning frå Kirkens Bymisjon syner at dei utanlandske fattige som kjem hit for å tigge, slett ikkje er styrt av bakmenn eller er del av såkalla bandar. Dei er drive av fattigdom og eit høgst menneskelig ønske om å forsørge eigen familie.

Bare for dei rike

Høgre er eit parti som stadig kjemper for å bygge ned grenser og murar på det økonomiske feltet, men dette gjeld altså bare for dei rike, dei som skal flytte kapital og produksjonsmiddel? Fattige menneske som nyttar sine menneskerettar til å flytte på seg, vil Høgre ikkje sjå her, ja, dei vil til og med forby den utstrekte handa som ber om ein tiar eller to.

Mennesker, ikke milliarder, heiter Erna Solbergs debattbok. Høgre har forsøkt å skape seg image som eit parti som bryr seg også om folk, ikkje bare om kapital og business. Om dei konservative absolutt vil vise at dei har eit hjarte under blådressen, kan dei ta til med å setje seg inn i rom-folkets faktiske situasjon i Europa i dag. Dei kan ta til å snakke med folk, ikkje foreslå å forby dei.

Les også:

Kommentarer

Kommentarfeltet støtter ikke IE8. Vennligst oppgrader eller bruk en annnen nettleser.
Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

  • En «ren» terrorhandling

    Det på tide med en informert kampanje, slik det gjøres mot røyking, aids og andre onder, for å forklare hva islamisme er, hvordan den forholder seg til islam, hvorfor den er på villspor, både moralsk og teologisk.

Mest lest meninger

Regjeringen er klart rasistisk, ikke sant?

HRS ønsker ikke konflikt, nettopp derfor må politikken legges om.

- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?

Hver ikke-vestlige innvandrer koster Norge rundt 4,1 millioner kroner i snitt i livsløpet, skriver Finansavisen.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester