Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Ikkje frislepp av former

Den nye rettskrivinga blir ei kraftig innstramming.

I Aftenposten 23. januar harsellerer Klaus Johan Myrvoll over kor vanskeleg det blir å skrive nynorsk med den nye rettskrivinga, og trekkjer fram verbet ynskje/ønskje, som får skrivemåte med og utan j. Dette ordet bruker han som døme på at den nye rettskrivinga, som skal gjelde frå 1. august 2012, har vorte mykje vidare enn den gamle.

Han kunne ha funne mange døme på det motsette, til dømes er det berre i Helleviks ordliste nær tre hundre adjektiv av typen fillete som no får eitt bøyingsmønster, mot tre før. Eller vi kan nemne verb, der bøyingsmønsteret er stramma inn kraftig for mange grupper svake verb.

Det er rett at nokre nye formene er tekne inn i rettskrivinga. Det gjeld til dømes verbet svømme og pronomenet dokker (for de – dykk). Men av den grunn er dei ikkje bokmålsord, det er ord nynorskbrukarar bruker også i dag.

Samanliknar ein den nye rettskrivinga med dagens hovudformer, blir rettskrivinga naturleg nok vidare enn ho er no. Men det er berre statstilsette (m.a. NRK-folk) og lærebokforfattarar som er pålagde å følgje hovudformene. For folk flest omfattar rettskrivinga både hovudformene og klammeformene – og derfor blir den nye rettskrivinga ei kraftig innstramming samanlikna med dagens rettskriving.

Mange valfrie former i nynorsk er i levande bruk, og difor har det vore litt av ein balansegang for rettskrivingsnemnda å vurdere kor mykje som kunne kuttast. For dei som lærer nynorsk som sidemål, er det nok ein fordel om norma er trong, men for dei som er vaksne opp med den nynorske tradisjonen, er valfridommen noko av det dei set pris på, fordi han gjer det mogleg å farge skriftmålet med talemålsnære former til ein viss grad. Alle desse syna skulle rettskrivingsnemnda ta omsyn til.

For dei som i dag skriv ein nynorsk «midt på treet», blir det likevel ikkje noka dramatisk omstilling å leggje om til den nye rettskrivinga.

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Mest lest meninger

En skitten folkeaksjon

Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer