Mest delt
- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?
- Det er vanskelig å være etnisk norsk her
Sov i Sofienbergparken i protest mot overnattingsforbud
Tirsdag tok Odin (12) eksamen i 10.-klassematte
Ja til forlagssabotasje!
Forlag bør ha eigne folk som har som jobb å skamrosa bøkene deira anonymt på nett.
AV: arne olav hageberg litteraturvitar, journalist og musikar
Knut Gørvell i Cappelen Damm kritiserer på bloggen sin Arve Juritzen for kanskje å ha juksa med eigne nettmeldingar av bøker frå Juritzen Forlag. På NRK Kulturnytt sa Juritzen at han har gjort dette, men understrekar no at det var ein spøk. (VG Nett 10.9.)
Gørvell sin reaksjon er av dei minst opplagte. Problemet er jo ikkje at Juritzen kan ha dryssa stjerner i nettbokhandelen. Problemet er at nettbokhandelen har eit system som satsar på at folk er ærlege. Hallo.
Forlag burde tilsetta folk som hadde som jobb å skriva fiktive lesarmeldingar og trykka fem stjerner på alle bøker frå sitt forlag. Og forfattarar som ikkje gjer det same, lar ein stor sjanse gå frå seg. Å diskreditera konkurrerande forfattarar er hakket mindre sympatisk, men framleis fullt mogleg - og truleg smart.
Saka viser at anonymitet på nettet er like dumt som anonymitet andre stader (så sant ein ikkje har noko å skjula). Det er ein grunn til at journalistar ikkje hoppar på tips utan å sjekka at fleire kjelder kan bekrefta. Og det er ein grunn til at bokmeldarar treng fagleg ballast. Det reduserer slumpen i vurderingane. Ein uttalar seg frå ein tydeleg posisjon og ein reflektert fagleg tradisjon som er råd å etterprøva. Og det gjer at ein kjenner seg trygg nok til å våga å stå for eigne vurderingar, med fullt namn, i det offentlege rommet, med alt det inneber.
Kommentarer
Siste fra seksjon
-
Rune Øygards dype fall
Må i fengsel. Juryens kjennelse er uansett en katastrofe for Rune Øygard.
22 mai 2013 17:01
Mest lest meninger
- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?
Hver ikke-vestlige innvandrer koster Norge rundt 4,1 millioner kroner i snitt i livsløpet, skriver Finansavisen.
Brune, ubrukelige mennesker
Hege Storhaug forsøker å segregere befolkningen i to, en vestlig lønnsom og en ikke-vestlig ulønnsom.
Mest kommentert siste døgn