Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • Ein mann ligg ei kort skilengde framom resten av feltet: Mitt Romney.

    FOTO: AP Photo/Chris Carlson

Lettare å bli president enn å bli kandidat?

Den republikanske nominasjonsvalkampen i USA er som ein surrealistisk fellesstart i Tour de Ski.

Den republikanske nominasjonsvalkampen i USA er ei fantastisk forestilling for politisk interesserte. Det er som ein surrealistisk fellesstart i Tour de Ski, der den eine etter den andre anten får mystiske krefter som gjer at dei beinflyg opp ein motbakke, for så å gå på trynet i utforbakken. I neste motbakke drar ein ny kandidat frå feltet, for så å bli tatt på fersken i å drive usømeleg aktivitet utanfor løypa.

Samling mot Romney?

Ein mann ligg derimot ei kort skilengde framom resten av feltet: Mitt Romney, den moderate, sentrumsorienterte republikanaren med høg truverd i økonomisk politikk. Heldigvis for Romney har ikkje resten av feltet tatt konsekvensen av at dei politisk er på same lag - mot Romney. Motstandarane hans er stort sett sosialt- og religiøst konservative, ofte knytt til nemninga «GGG» (Guns, God and Gays), og dei står for ein dramatisk mindre føderalstat. Dei kjempar mot kvarandre i staden for å samle seg rundt éin kandidat som kan parkere Romney på oppløpet. Romney kan difor ende opp med å kome åleine inn på stadion etter at dei andre har gått i stavane til kvarandre ute i skogen. Skulle derimot dei konservative motkandidatane hans greie å samle seg om éin kandidat ganske snarleg, kan Romney bli forbigått i neste motbakke.

Motstandarane hans er stort sett sosialt- og religiøst konservative, ofte knytt til nemninga «GGG» (Guns, God and Gays)

Det kan tenkjast at vi får ei viss avklaring i samband med «Super Tuesday». Tysdag 6. mars skal mange statar ha primærval. Med klare vinnarar og klare taparar denne dagen, vil truleg fleire kandidatar vurdere oppslutnaden, pengemengda i kampanjekassa og evna til å samle meir pengar. Dersom fleire konservative kandidatar fell frå etter Super Tuesday, kan det bli eit spurtoppgjer på republikansk side. Og den spurten kan fort bli vunnen av ein konservativ. Newt Gingrich ligg truleg best an blant desse. Han har erfaring, kunnskap og er mest «presidential».

Sjela til det republikanske partiet

Det republikanske partiet har mange utfordringar. Det politiske grunnfjellet er blitt meir ytterleggåande konservativt dei seinare åra. Det er denne politiske grupperinga som er mest aktiv i nominasjonsvalkampen. Men denne gruppa utgjer kanskje ikkje meir enn 25 – 30 % av den totale mengda veljarar i USA. Skal ein bli president, må ein som kjent vinne 50 % av veljarane, og USA er eit land med einmannskrinsar kor vinnaren gjer reint bord. Eg trur ikkje nokon av Romney sine politisk ytterleggåande motkandidatar vil ha nubbesjans til å vinne ein presidentvalkamp mot Obama. Ingen av desse vil makte å mobilisere tilstrekkeleg av veljarane i sentrum, utover det konservative grunnfjellet. Det hjelper lite å vinne menigheita, når det er folket utanfor menigheitshuset som skal avgjere valet.

Medan dei konservative kandidatane deler på oppslutnaden i det konservative grunnfjellet, vinn Romney oppslutnad blant dei meir moderate republikanske veljarane. Romney har 25 % oppslutnad blant republikanske veljarar i dag, og denne oppslutnaden har vore forbausande og urovekkande stabil for han. Herman Cain og Michelle Bachmann har trekt seg som kandidatar. Når ein konservativ kandidat gjer det dårleg eller fell i frå, går støtta til denne kandidaten over til ein annan konservativ kandidat. I tillegg har Romney ei utfordring ved ikkje å vere særskilt karismatisk. «I don’t fall in love with Romney», som ei kvinne uttalte etter valet i Iowa. Han har også ei utfordring ved å ha innført ei helsereform i sin eigen stat Massachusetts som er svært lik Obama sin føderale helsereform, og som dei fleste republikanarar er sterkt kritiske til.

Valbarheit

Det som talar for at Romney kan få eit formidabelt løft og drar frå dei andre i nominasjonsvalkampen, måtte vere at veljarane innser at det er på tide å samle seg om den kandidaten som har størst sjanse til å vinne. Det elementet, valbarheit, skal ein ikkje underslå.

Eg meiner det er grunnlag for å hevde at det er vanskelegare for Mitt Romney å bli presidentkandidat i eige parti enn å bli president i USA. Greier Romney først å vinne kampen i eige parti, har han store sjansar til å vinne sentrumsorienterte veljarar og veljarar som røysta på Obama i 2008 – folk som vil vegre seg mot å røyste på nokon av dei svært konservative kandidatane.

Eg trur Obama er livredd for at Mitt Romney skal dra i frå i nominasjonsvalkampen og til slutt greie å samle det republikanske partiet til felles innsats. Det er nemleg éi sak som samlar alle republikanarane, anten dei i dag støttar Gingrich, Perry, Santorum, Huntsman eller Romney. Dei ønskjer å bli kvitt Obama. Obama har fått sin sjanse i Det Kvite Hus, som han har ikkje greidd å forvalte. Den haldninga er det veldig mange som har i USA i dag. Som det vart sagt på eit av valmøta til Mitt Romney: «Obama vann presidentvalet med å snakke om «Hope and Change». Det er ikkje mykje «Hope» i USA i dag, og det er definitivt behov for «Change». Presidentvalet den 6. november i år kan dermed fort bli vunne fordi folk vil ha «Change».

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Mest lest meninger

En skitten folkeaksjon

Bør fremlegge skikkelig dokumentasjon for påstandene

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer