Norsk digital læringsarena. Fram til i dag har læremiddelsituasjonen i den vidaregåande skolen vore prega av stort mangfald. I open konkurranse har private aktørar utvikla alternative læremiddel. Skolane har vurdert dei ulike tilboda i høve til sine lokale behov, og har valt dei læremidla som dei meiner høver best i deira spesifikke situasjon. No er dette i ferd med å endrast. Gjennom Norsk digital læringsarena (NDLA) er det sett i gang offentleg utvikling av læremiddel som set mangfaldet og læraranes valfridom i fare.

NDLA er eit samarbeidsprosjekt mellom dei fleste fylka i Noreg. Målet er å utvikle digitale læremiddel for alle fag og nivå i den vidaregåande skolen. Utviklinga og vedlikehaldet av NDLA-produkta blir finansiert med pengar som skolane elles kunne brukt til innkjøp av læremiddel dei sjølv vel ut. No ser vi dei første konkrete verknadene av dette offentlege forlagsarbeidet.

Redusert innkjøp.

I Sogn og Fjordane har dei på fylkesnivå bestemt at alle vidaregåande skolar frå neste skoleår av vil få redusert sine innkjøpsbudsjett. Mykje av denne innsparinga blir brukt til å dekkje det drifta av NDLA kostar fylket. Konsekvensen for skolane blir at dei i fire fag må bruke læremiddel som er gratis – og det er det berre NDLA som kan tilby.

Om andre fylke tar etter Sogn og Fjordane, vil dette vere eit sterkt bidrag til monopolisering av norsk læremiddelutvikling. Læraranes pedagogiske kompetanse og skolanes behov for lokal tilpassing vil bli erstatta med offentleg einsretting.

Digitale læremiddel.

I Sogn og Fjordane gjer fylkeskommunens grep at elevar og lærarar må bruke heildigitale læremiddel (frå NDLA) i fleire fag neste skoleår. Digitale læremiddel byr på mange nye moglegheiter, og kunnskap om dette må utviklast over tid, gjennom utprøving i konkrete undervisningssituasjonar og i nært samarbeid med dei som arbeider i skolen. Men det finst ikkje forsking som viser at læringsutbytet blir betre berre undervisninga blir digital. Det er heller ikkje slik at elevar og lærarar helst vil ha heildigitale læremiddel.

Innkjøp av læremiddel i samband med innføringa av Kunnskapsløftet og undersøkingar viser at dei ønskjer å bruke digitale ressursar, men som oftast i kombinasjon med trykte læremiddel. Det vil derfor vere behov for eit mangfald av både heildigitale læreverk og læreverk som kombinerer bøker og digitale ressursar i tida som kjem. Når det ikkje kan vere eit pedagogisk grunnlag for pålegget i Sogn og Fjordane, må det vere økonomiske omsyn som rår. Innsparingar på fylkeskommunalt nivå blir prioritert framfor å sikre god læringseffekt i skolane.

Skolanes pengar.

NDLA er ein offentleg finansiert læremiddelprodusent. Eigarane, fylka, brukar skolanes pengar til utvikling av læremiddel i staden for å stille dei til rådvelde for lokale innkjøp. Når skolane i tillegg blir tvinga til å bruke NDLA-læremidla, vil andre læremiddelprodusentar bli pressa ut av marknaden. Utan ein kjøpekraftig marknad vil ingen kommersiell aktør kunne ta risikoen på utvikling av nye læreverk. I siste instans vil dette føre til at norsk skole berre har ein leverandør av læremiddel: Eit slags statsforlag.

Ansvaret for val av læremiddel blir flytta frå den einskilde læraren/skolen via fylket til ein nasjonal og sentral avgjerdstakar, NDLA. Fagredaksjonane i NDLA får monopol og makt til å bestemme utforming og innhald i dei einaste læremidla som skolane kan bruke. Ein hittil velfungerande marknad blir erstatta med einsretting og fallande kvalitet.

NDLA bør avviklast.

NDLA blei starta opp som eit statsfinansiert prosjekt. Den statlege delen av prosjektet er heldigvis avslutta, men fylka driv føretaket vidare og finansierer det med skolanes læremiddelpengar.

I staden for einsretting, monopolisering og offentleg forlagsverksemd må det leggjast til rette for at det blir produsert eit mangfald av alternative læremiddel med høg kvalitet. Det skjer berre dersom utviklarane har ein marknad der dei kan møtast og utvikle seg i open konkurranse.

Norsk digital læringsarena bør derfor avviklast.