Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • Som parodierande litterært stilgrep har mange med meg skrive romanar med fotnoter, tilvisingar, register og heile ruklet, skriv Kjartan Fløgstad.

    FOTO: TOR G. STENERSEN

Punktert hjelperyttar

Romanar treng ikkje kjeldetilvisingar, har ikkje noteapparat. Har aldri hatt det. Vil aldri få det. Med god grunn.

Et malplassert forsvarsverk Pinlig fra Fløgstad

Fiksjon. Romanar oppgir ikkje kjelder. Ved å avstå frå å forklara seg, fortel forfattaren at det er ein fiksjon han har skrive.

Nå vil Aftenpostens Per Anders Madsen ha slutt på dette. Ikkje uventa skjer det i Norge. Berre norsk offentlighet kunne gjera ein sensasjon ut av at ein roman blir utgitt utan kjeldetilvisingar. Ingen andre stader blir såkalla «sakprosa» like aggressivt etablert som litterær overnorm. Enquists Blanche og Marie, Alnæs’ Sabina, Hoems Mors og fars historie og Willumsens Bang er dårlege eksempel. Der er hovudpersonane historiske figurar. Hovudpersonane i Grense Jakobselv er oppdikta. Paul von Damaskus, Otto Nebelung, Aïda Wiik af Pettersen og Alf M. Mayen er reine produkt av min fantasi.

Grenser for dikting.

På denne måten er Grense Jakobselv kanskje eit vasskilje, ikkje lenger i Den kalde krigen, men som grenseelv mellom dikting og sakprosa. Som kjent kan vi ikkje gå ut i den same elva to gonger. Men vi kan gå opp igjen på begge sider.

Kva er sant og kva er ikkje? Fakta eller fri fantasi? Skal romankunsten handla om navlelo og sår barndom, medan sakprosaen har copyright på den ytre verda? Det tvetydige ved unotene i romankunsten skaper forvirring i fotnotene. Det er bra, sjølv om ikkje alle let seg føra med, når fantasien byd opp verkelege personar til dans gjennom orda.

Sanning og løgn.

Frå Lukian frå Samosata og fram til i dag handlar romankunsten om å sveva mellom sanning og løgn, liv og død, mellom fakta og fantasi, slik at begge delar blir trekte i tvil. Eitt grunnelement i romanen er tilknytinga til det faktiske, til historie og samfunn. Det betyr realisme.

Eit anna, og like viktig, er: løgn, skrøne, bløff, juks, triks, fanteri. Då snakkar vi om grotesk realisme. Ingen søker sanninga meir heilhjarta enn torturisten. Den torturerte må derimot forsvara løgnas sanning med livet som innsats. Romankunsten er løgnaktig på same vis. Som parodierande litterært stilgrep har mange med meg skrive romanar med fotnoter, tilvisingar, register og heile ruklet.

Sakprosaens tellekant.

I motsetning til andre debattantar skal Per Anders Madsen ha ros for å ha lese Grense Jakobselv, men ikkje for sin kommentar i Aftenposten den 15. juli. Her blir lesaren latt i journalistikken, det vil si i urima sentrallyrisk tale, artikkeldikting utan sjølvstendige undersøkingar, utan eitt kritisk begrep.

Dei nye krava til romankunsten blir bretta saman med sakprosaens tellekant, sett opp mot fiksjonens rufsete fortellekantar. I ein ny kommentar den 21. juli har Madsen roa seg, men held fast på kravet om at romanar skal ha kjeldetilvisingar, i ei eller anna form. Fotnoter, sluttnoter, forord, etterord, litteraturliste, register? Høyrer du, Jonathan Littell?

Men la oss gå i detalj. Når nå professoren på Lillehammer har fått sitt, og vel så det: Kva då med dei ca. 724 andre kjeldene eg også har brukt, men ikkje oppgitt?

Kven skal få vere med?

Når Pryser er med, må jo Peter Wrights framstilling av Venona nemnast. Og Sudoplatovs tvilsame, men forvitnelege postsovjetiske versjon. Og sjølvsagt først og fremst Robert L. Bensons utgreiing for National Security Agencys Center for Cryptologic History. Ved ikkje å nemna namn, gjer eg dermed urett mot den sterke finske forskingstradisjonen på feltet. Heller ikkje har eg drøfta teorien om at knekkinga av Venona-koden var «ein analytisk suksess», slik at kodeboka frå Petsamo ikkje var så viktig likevel.

Og sist men ikkje minst, kva med dei unge offiserane som avslørte og avhørte dei tyske etterretningsfolka? Laqua, Wolff, Sala ikkje minst. Som altså kjende dei personleg, men ikkje tok privat eigedomsrett til kjeldene. Og som skreiv rapportane som professor Pryser har gitt publisistisk form. Fortener ikkje dei å krediterast, først og fremst?

Held vi oss i höga nord, så har Alf R. Jacobsen skrive godt om Petsamo og Petsjenga Nikel: inn i kjeldelistene med han. Saman med Aage Lunde, utgivaren av Sør-Varangers historie. Irja Jefremoff og Kalle Waras bidrag, for ikkje å snakka om Olaug Bertelsens frå Jarfjord. Mine munnlege informantar som lærte meg mykje om dei kvinnelege partisanane? For berre å nemna i fleng etter minnet. Og kva med Gyllenhaal og Gebhardts standardverk om Kirkenes-felttoget i 1944?

Pryser bløffar.

I Kjell Fjørtofts Lille-Moskva frå 1983 finst eit heilt kapittel om Jonas Lies overvakingsarkiv på Kirkenes, og eit om «SS-Obersturmführer Willy Laqua». I 2009 skriv Pryser om Grense Jakobselv i Dagbladet: «I romanen inngår også en annen historie hentet fra min forsking, nemlig hvordan SD-offiseren Willy Laqua i Kirkenes fikk tak i Jonas Lies overvåkingsarkiv over kommunister fra før krigen.» Prysers bok om Hitlers hemmelige agenter kom ut i 2001, utan spor etter Fjørtofts atten år gamle Lille-Moskva i litteraturlista, den refererer derimot til Fjørtofts Veien til østfronten, der temaet så vidt er nemnt. Dette kallar professor Pryser «mitt stoff» og «min forskning». Med andre ord: Pryser bløffar.

Kjeldematerialet mitt om nazilegar og juristar står i artikkelen «Parkens grøde» i Samtiden 2/2009. Når eg der trekker fram Klee og Wildt frå Tyskland, blir det urettvist mot Frei og Schmitz’ bok om journalistikken i det tredje riket. Og Hachmeister/Siering om journalistikken i Tyskland etter 1945, som eg har brukt etter beste evne for å skapa mine romanfigurar. Og Albert Nordens austtyske Braunbuch (som figuren Albertine Norden alluderer til i Grense Jakobselv).

Fleire kjelder.

I sitt store verk om tysk etterretning i Norge nemner professor Pryser tre (3!) tyske boktitlar. Dette fråveret kan forklara Prysers vrangforstillingar til dømes om Georg Wolff, som han kallar sin aktør, «den av mine aktører som oftest nevnes i Fløgstad roman». Frå stillinga som SS-Hauptsturmführer i Oslo gjekk Wolff vidare til ein strålande karriere som utanriksredaktør i Der Spiegel, og offentleg figur i den tyske forbundsrepublikken.

Når eg trekker fram Safranski om Heidegger, må i alle fall Victor Farías nemnast, saman med mange og lange samtalar med kloke folk som Jon Hellesnes og Ola Enstad. Og frå Oslo i skumring i åra 1940–45, litterære stemningar frå Olav Angell til «Bjørn Stallare», alias Arne Skouen. På uransakeleg vis møtest sanneleg eit poeng frå P.O. Enquists essaystikk med Scherfig og Roberto Bolaños figurar i denne skildringa.

Oslo på 1960-talet, Baltikum i dag, osv.: Ei rask opptelling viser at framleis står hundrevis av kjelder igjen, om stor politikk, og små detaljar om våpen, rutetider, restaurantar, meteorologi, topografi, resultatlister. Motebildet under okkupasjonen. Bilmerke, militære grader, musikk, aviser og periodika. Romanen er avhengig av alt saman, men summen av alt dette blir ingen roman.

Punktert hjelperyttar.

På denne bakgrunnen blir det mangedobbelt urettvist og lite raust, om berre ein professor på Lillehammer skulle få æra for kjeldene bak Grense Jakobselv. Ved sida av sin punkterte hjelperyttar trur eg også redaktør Madsen har ei aning om det, der han står i grøfta og ser resten av feltet susa forbi.

Som eg ofte har sagt: Kjeldegranskinga bak ein roman som Grense Jakobselv står for rundt 20 prosent av arbeidet. Det som gjer romanen til ein vanskeleg kunst, er det formande arbeidet, synsvinkel, kronologi, språk, karakter. Dette har ingen ting med historikardebattar å gjera.

Romanar treng ikkje kjeldetilvisingar, har ikkje noteapparat. Har aldri hatt det. Vil aldri få det. Med god grunn. Derfor er dette ein sjeldant unyttig og fåfengt debatt. Stadig nye fortellingar vil bruka heile sin kunstnarlege fridom, uansett kor mykje professor Pryser jamrar og redaktør Madsen formanar.

Kommentarer

Siste fra seksjon

  • Kreml under beleiring

    Skifte. Om nøyaktig tre uker i dag vil vi vite hvem som er Russlands nye president. 
Da har det vært valg. Valget er en formalitet. Presidenten vil hete Vladimir Putin.

Mest kommentert siste døgn

Siste kommentarer

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer