Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Avisspråket ein dag i 2007

FIRE AVISER. Lite ante dei fire største avisene i landet - VG, Aftenposten, Dagbladet og Bergens Tidende - at Språkrådet hadde bestemt seg for å lesa korrektur på alt redaksjonelt stoff som avisene trykte fredag 26. oktober.

Gass ei hovudsak.Gassatsinga til StatoilHydro i nord var ei hovudsak den dagen - Aftenposten skreiv om Stockman, Bergens Tidende om Shtokman, VG om Shtokman og Stockman, Dagbladet om Sjtokman og Stockman. Ein vaken avis-
lesar får med andre ord solid dokumentasjon på at ortografien i avisene ikkje er å stola på. Korrekt skrivemåte er Sjtokman. Namnet er russisk (rett nok med opphav i tysk Stockmann), og russiske namn som blir transkriberte til skandinaviske språk, skal følgja visse bokstaveringsreglar.Statsministerens kontor for òg vill i den namnesaka. I slike spørsmål skal dei vita at dei må kontakta statens språkorgan. Språkrådet hadde alt våren 2006 uttalt seg om skrivemåten etter gjeldande reglar.

Nedslåande teiknsetjing.

Men rett skal vera rett; gassfeltnamnet er kinkig. Korleis var det med teiknsetjinga i dei fire avisene? Nedslåande. No er det urettferdig å gje opp tala for kvar avis i og med at tekstmengda var ulik, men til saman hadde dei fire avisene om lag fem hundre klare kommafeil.Bortsett frå at talet er (uakseptabelt) høgt, er det fordelinga som er det interessante. Visse artiklar hadde lite feil, andre hadde fleire feil.

Frå best til verst.

Den "jamnaste" feilkurva hadde Bergens Tidende. Den avisa som hadde dei verste og dei beste
artiklane, var Dagbladet. Nokre
artiklar i bilaget Fredag hadde
håplaus teiknsetjing, medan eit par kulturartiklar - og vinspalta om burgundervinar - var prikkfrie.I VG var fotballkommentaren ein av dei beste, medan restaurantspalta var blant dei verste. I Aftenposten fann eg døme på feilfrie artiklar i A-magasinet (om konkurransepløying og kalasjnikovgeværet) og i sporten (reportasje om moderne skiløparar).

Kan ikkje reglane.

Det generelle inntrykket blir likevel at journalistane ikkje meistrar elementære kommareglar. Det blir sett komma der det ikkje skal vera komma: "På NATOs møte i Noordwijk i Nederland, var det bare Norges forsvarsminister som . . ." (Aftenposten), "I forkant av Highwaymen sin jubileumsfest i Espelandshallen, er politiet forberedt på storinnrykk" (Bergens Tidende).Og det blir ikkje sett komma der det skal vera komma: "Når steika er ferdig er den ytterste delen tørrere" (VG), "Legendestatusen som opprettes i filmen er berettiget" (Dagbladet).

Sjenerer lesinga.

I tillegg til mengder av feil teiknsetjing er det dei grove tekstfeila som sjenerer lesinga: ord eller bokstavar manglar, ord er bytte om, ord er skrivne to gonger. Nokre døme: "samboerskap bak seg bak seg", "til en kort part", "tror kan har bortført Madeleine" (Dagbladet), "rutinene funger bra", "eller har de har vært totalt uenig", "ordningen er om sagt" (VG), "april dagene 1940", "faktum er faktisk at", "sender nok 40 meglinger om dagen" (Aftenposten), "den delen hvert år ut", "Brann klar for toppsiktet", "farens hans ga ham" (Bergens Tidende).Endeleg har me så dei vanlege rettskrivingsfeila. Feil bruk av liten og stor bokstav er ein attergangar. VG skriv "Kongen" med stor K der det skal vera liten k. Vidare har avisa "Kontrollkomiteen" i Stortinget, "Haugesunderen" og "Amaronen" (den italienske vinen).

Elementære feil.

Aftenposten skriv om ein "Norgesmester". Dagbladet hadde "Stavanger Domkirke" og Bergens Tidende "SAS-Hotellet". Ikkje overraskande finst det elementære feil med sin/deres: "Mora og faren bør ifølge deres bistandsadvokat" (Dagbladet), "at Rune Gerhardsen aldri skulle slå hans barn" (VG). Eg kan gå vidare til "Samboerskapene blir lenger og lenger"" (det må vera "lengre") og peika på at ord som "10-åring" strengt teke skal skrivast "tiåring" (med bokstavar, ikkje tal), men då er me over i kategorien avanserte skrivefeil, så me stansar der.

Formelle feil.

Uheldig eller feilaktig ordstilling, lange, krunglete setningar, uidiomatisk seiemåte - slike meir stilistiske språkbruksfenomen har eg ikkje brukt tid på å registrera. Det ville ha vorte ein gjennomgang for seg. Eg konsentrerte meg om opplagde formelle feil, slike som alle samvitsfulle korrekturlesarar ville ha slege ned på.No kan ein sjølvsagt ikkje krevja at aviser eller bøker skal vera feilfrie. Alle gjer feil; det fullkomne er som kjent ikkje jordisk. Både Lomheim (og Hegge!) kan bomma. Men det står ikkje til å løyna at bakgrunnen for denne miniundersøkinga er at det sidan 2006 ikkje er tilsett korrekturlesarar lenger i dei store avisene. Ein sparer dei utgiftene.

Naiv tru.

Det er mogeleg at styra (for det er dei som har bestemt dette) trur at retteprogramma kan gjera tilfredsstillande jobb. Det er i så fall ei tru som er så naiv og utan innsikt at ho er vanskeleg å karakterisera. Programma rettar berre ein del av dei feila som ein journalist gjer. Ei dansk undersøking tyder på at Words staveprogram fangar opp 30- 45 % av skrivefeila.Men verre er det, for dei som er flinke til å skriva, at programmet rettar skrivemåtar som er korrekte! Det veit alle som har litt innsikt. Program kan retta "også" til "og så" og "ifølge" til "i følge"!Dei beste retteprogram kan ikkje vera noko anna enn støtteverktøy. Dersom ein baserer tekstkvaliteten på retteprogram, er det nøydd til å gå gale. (Eg må berre vona og be om at ikkje noko retteprogram i Aftenposten køyrer gjennom mi tekst før ho kjem på trykk!)

Feilfrie unntak.

Det finst, som sagt, tilnærma feilfrie og velskrivne artiklar i alle dei fire avisene. Men dei er unntaka. Ganske mange artiklar inneheld elementære rettskrivingsfeil, mengder av teiknsetjingsfeil og så pass med tekstslurv at kvaliteten umogeleg kan liggja særleg over det ein medels elev presterer på vidaregåande skule. I alle fall kan gode elevar i vidaregåande berre unntaksvis bruka tekstene i landets fire største aviser som mønster. Er det greitt? Meiner dei som styrer avisene, at dei dessverre ikkje har råd til å kvalitetssikra språket?Kva er viktigare i ei avis enn språk?

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer