-
"Det var summen av alle avsløringane, dei halve sanningane, og dei stadig nye forklaringane som reiv truverdet hennar i filler," skriver Håkon Haugsbø i denne kronikken.FOTO: BJØRN SIGURDSØN/SCANPIX
Blodtrykk og blodtåke
Åslaug Haga kan ikkje skulde andre enn seg sjølv for høgt blodtrykk og låg standing. Men kva skuldar journalistar og redaktørar på den dagen summen av alt mediefokuset blir for mykje?
AV:
Nettprat: Håkon Haugsbø svarer på lesernes spørsmål onsdag klokken 11. Still spørsmål her.
Det som felte Haga. For Åslaug Haga var det ikkje brygga eller stabburet åleine som felte henne. Det var summen av alle avsløringane, dei halve sanningane, og dei stadig nye forklaringane som reiv truverdet hennar i filler. Difor er ho ferdig i politikken.
For Åslaug Haga var det ikkje VG, Dagbladet eller TV2 åleine som jaga henne slik at blodtrykket blei helsefarleg høgt. Det var summen av alle oppslaga, i alle dei ulike mediene, på alle dei ulike plattformene.
Døgnet rundt.
For VG er ikkje lenger berre VG. VG er papiravis mandag, tysdag, onsdag, torsdag, fredag, laurdag og søndag. VG er VG nett døgnet rundt. Og VG TV dagen lang.
Det same gjeld for Dagbladet, Aftenposten, regionavisene – og ein del lokalaviser. Aviser er blitt mediehus, med brei dekning i papirutgåva seks og sju dagar i veka, kontinuerleg dekning på nett-TV dagen lang og nye saker på nettsidene døgnet rundt.
Også TV-husa har fått fleire plattformer. Og fleire plattformer betyr fleire munnar å mette; fleire spaltemeter, minutt og megabytes å fylle med stoff.
Difor trengs det stadig nye vinklingar, nye opplysningar, nye utviklingar og nye analyser.
Utviklar seg fort.
Når ei sak tek til å rulle, skal ikkje berre alle skal ha sitt, men i minst tre eksemplar til dei ulike plattformene. Ei sak utviklar seg no like fort på ein dag som på ei heil veke for få år sidan.
Dei som vert utsette for sterk medieeksponering hevdar ofte at ei fjør blir gjort til fem høns. I den nye mediekvardagen er det motsett: Høna må ribbast for mest mogeleg fjør, slik at det blir nok til putekrig på alle plattformer. Og dersom fjøra på kvar plattform blir til fem høns, kan kaklinga fort verte uuthaldeleg.
Meir Valla enn tsunami.
SKUP fekk i fjor hjelp av medieanalysefirmaet Retriever til å gjere ei kvantitativ gransking av striden mellom Gerd-Liv Valla og Ingunn Yssen. Det viste seg at det som LO omtala som ei personalsak i løpet av ti veker hadde fått meir omfattande og massiv dekning i norske media enn tsunamien i romjula 2004. Den viste også at dekninga, i motsetnad til i andre saker, ikkje avtok med tida. Den vart meir massiv etterkvart.
Tsunamien kosta om lag 300000 menneske livet. Valla-saka handla om ein person.
Aldri hadde vi sett maken til eksponering av ein einskildperson i norske medier. Oppteljinga av nyhendeartiklar i papir- og nettaviser, samt omtalen i NRK og P4 viste at berre terroråtaket mot World Trade Center 11. september 2001 hadde vore meir omtala enn Valla-saka.
Treng sterk rygg.
Dette fortel ikkje berre at vi er usjarmerande opptekne av oss sjølve i andedammen vår. Det viser også at ein skal ha sterk rygg for å stå imot eit slikt massivt trykk.
Både Åslaug Haga, Gerd-Liv Valla, Manuela Ramin-Osmundsen – og andre som søkjer maktposisjonar veit kva risiko jobben inneber. Eit feilgrep i politikken eller privatlivet kan koste dei jobben. Slik skal det også vere. Media skal vakte makta.
Men kven vaktar media? Kven seier ifrå når den totale eksponering, summen av alt, blir faretruande nær grensa for kva eit menneske kan tole? Enten det er ein statsråd, næringslivsleiar eller kulturkjendis det gjeld.
Ingen.
Forsvarer seg sjølve.
Alle redaktørar vil svare at «vår dekning har vore sakleg og grundig». Eller at «vi har gitt ei balansert framstilling av saka». Dei er, som andre, naturleg nok mest opptekne av seg og sitt. Å vere først, best og mest sitert er viktige mål på suksess i mediene.
Media har gitt seg sjølv klare rammer og reglar i «Vær Varsom-plakaten». Påståtte eller opplagde brot på desse reglane blir vurderte og slått ned på av media sin eigen domstol: Pressens Faglege Utval (PFU). I utvalet sit representantar frå ulike medier og frå ålmenta.
Reaksjon som svir.
Ei fellande fråsegn i PFU svir for den redaksjonen det gjeld, likeeins som det smertar å måtte gjengi PFU-fråsegna i si fulle lengde på redaksjonell plass.
Debatten kring massiv mediedekning kom opp etter Tore Tønne sitt sjølvmord. Den kom opp att etter at Gerd Liv Valla måtte gå av som LO-leiar. Den var tema då det storma som verst rundt ein annan av Stoltenbergs tvangsavgåtte statsrådar: Manuela Ramin Osmundsen.
Det er tid for å sparke debatten i gang igjen. Like gjerne som å drøfte enkeltsakene kvar gong mediene har felt ein maktperson etter påstått flokkjakt i blodtåka, kan vi ta debatten ein gong for alle.
Ingen enkle løysingar.
Løysingane er ikkje påfallande enkle, og det trengst kloke hovud for å lage ei ordning som verkeleg tener føremålet.
Kan Bergens Tidende sin modell med eit lesarombod vere noko for fleire? Eit ombod som har lojaliteten sin hos lesaren og dei som blir målskriver for kritisk og nærgåande journalistikk?
Eller kan Pressens Faglege Utval få utvida mandat, eventuelt eit søsterorgan, slik at media sjølve peikar ut «djevelens advokatar»? Mandatet bør vere heile tida å vurdere omfanget av medieomtalen og blinke med varsellampene når redaksjonane sjølve ikkje ser at den totale eksponeringa kan vere skadeleg, for einskildpersonar eller særskilt utsette grupper.
Summen av alt.
Om ikkje svaret ligg i dagen, bør media sjølve – og organisasjonane som representerer dei – bruke like mykje tid og krefter på denne debatten som dei vil bli nøydde til den dagen alle er samde om at summen av alt vart for mykje.
Nettprat: Håkon Haugsbø svarer på lesernes spørsmål onsdag klokken 11. Still spørsmål her.
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer