Datalagringsdirektivet kan stoppast
AV: tore syvert haga
Publisert:
Oppdatert:
Ein kan seia mykje om Europarørsla, men dei har i kvart fall frekkheitens nådegåve. I Aftenposten 3. Juli påstår dei at Noreg, fordi me ikkje er med i EU, ikkje kan påverka kor streng overvaking som skal praktiserast her i landet.EU sitt datalagringsdirektiv vil pålegga alle teleoperatørar å lagra informasjon om kven du ringer, kor du er når du ringer dei og kor lenge samtalen varer. Det same gjeld for SMS og epost. Datatilsynet har ropt varsko mot dette.Det er slett ikkje sikkert at Datalagringsdirektivet er ein del av EØS-avtalen. Berre 17 prosent av EU sine vedtak er ein del av EØS. Det går no føre seg ei sak i EF-domstolen som skal avgjera om direktivet er ein del av EU si marknadslovgjeving (og EØS-relevant) eller justislovgjeving (og ikkje EØS-relevant). Som EU-medlem måtte me ha innført direktivet. Som ikkje-EU-medlem kan det godt henda me slepp å ta stilling til det.I tillegg har me vetoretten i EØS-avtalen. Om eit fleirtal på Tinget verkeleg vil, kan dei legga ned veto. Det vil ikkje føra til at EØS går i oppløysing. Til no har V, FRP, SP og SV gått inn for veto mot datalagringsdirektivet.Sidan me ikkje er med i EU avgjer det norske Stortinget om datalagringsdirektivet skal gjennomførast eller ikkje. Om Europarørsla hadde fått viljen sin, måtte me ha innført direktivet uansett.
Les også
Siste fra seksjon
-
Hva Skrik betød for meg
25 mai 2012 21:58


Kommentarer