Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Ein skikkeleg sjømann ber ikkje om medvind

Mads Larsen trur forbodet mot sexkjøp i utlandet vil stengja sikringsventilen for dei som ikkje har draget på norske damer, og derved kastrera den heterofile mannlege seksualiteten.

Men det treng han ikkje vera redd for. Tvert om er det dei kjønnslege servicetiltaka som tek krafta frå mennene. Viriliten visnar ved lettkjøpt sex.

Alle naturlege hanndyr må slita for å få para seg. Dei må forsvara reviret, dei må produsera nytt og større gevir kvart år, dei må kosta på seg flotte fjører som gjer dei like attraktive for bytteetarar som for hoer av deira eigen art. Mange blir jaga bort av rivalar, andre døyr i open kamp. Sjølv dei som har vunne over dei andre hannane, risikerer å bli avviste av hoene. Likevel prøver dei seg igjen år etter år.

Dessverre fornektar dei fleste menneskekulturar den naturlege konkurransen ved å innbilla mennene at dei må stå saman mot kvinnene. Dei unge jentene har mista den sjølvsagde hodyrretten til sjølv å velja make, og dei prostituerte må stønna høfleg for at kundane skal føla seg vellykka. Resultatetet er at mennene blir narra til å sykla med støttehjul all sin dag.

Heldigvis for kvinnene har dei fleste menn altfor mykje hanndyr i seg til å gi avkall på gleda ved rå og ekte paringsleik. Dei med svakare utvikla instinktliv får berre venta til sjølvopphaldingsdrifta blir aktivisert i eit personleg møte med naturkreftene. Ein skikkeleg sjømann ber ikkje om medvind, men lærer seg å segla.

Solveig Aareskjold

forfattar

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer