Enda større krise i vente?
Eldreomsorg. Behova i eldreomsorgen framover kjem truleg til å bli enda større. Ingen har nemnd ei stor og samansett gruppe som pleie- og omsorgstenesten ikkje har sett så mykje til, nemleg innvandrarane.
AV: av trude brita nergård, forskar, forskningsinstituttet nova
Utilstrekkeleg. Krisa i eldreomsorga er igjen tema for debatt. Privatpersonar (Nikolaj Frobenius, Aftenposten 23. februar) og politikarar (Natasza P. Sandbu (V)), illustrerer, kvar ut frå si erfaring, kor utilstrekkelege tenestene og tilboda er for dei som treng hjelp.
Men behova framover kjem truleg til å bli enda større enn det som går fram av debatten. For enno har ingen nemnd ei stor og samansett gruppe som kommunane si pleie- og omsorgsteneste førebels ikkje har sett så mykje til, nemleg innvandrarane. Av desse utgjer personar frå land utanom Europa, Nord-Amerika og Oseania fleirtalet.
Mange av dei byrjar å bli gamle. Korleis vil det påverke behovet for offentlege omsorgstenester framover?
1.1.2008 budde det 487 personar over 80 år med ikkje-vestleg innvandrarbakgrunn i Oslo. Om få år vil bilete sjå ganske annleis ut. Oslo har meir enn 5000 innbyggjarar mellom 50 og 54 år og nesten 4000 mellom 55 og 59 år, som er innvandra frå dei nemde landa. 60-åringane tel om lag 5000 personar. Pr. i dag merkar kommunane nokså lite til sine eldre innbyggjarar frå desse landa. Særleg gjeld det institusjonstenesta. I oktober 2006 utgjorde dei 1 prosent (45 av 4680) av bebuarane på sjukeheimane i hovudstaden.
Komen for å bli
Dei som har innvandra til Noreg er komen for å bli. Levekårundersøkinga (2008) tyder på at ein firedel (utvalet består av personar frå ti ikkje-vestlege land) vurderer å returnere til heimlandet ein gong i framtida. I samband med eit forskingsprosjekt (initiert av KS), intervjua eg nylig 39 personar (46-78 år) om deira planar for alderdomen. Knapt ein trur dei kjem til å flytte tilbake til heimlandet. Visst lengtar dei og visst hadde dei lengje ein draum om å gjere det. Men etter som tida gjekk mista draumen si kraft.
Sterke band til Norge
Informantane har knytt sterke band til Noreg. Nokon har vore her så lengje at de kjenner seg «halvt som nordmann». Viktigast for dei fleste er det likevel at barn og barnebarn bur her, «utan dei er livet stilt og kjeisamt». Ei anna god grunn til å bli verande er det norske helsevesenet. Det har sine manglar, men det er likevel ikkje mange andre land som kan konkurrere med det. Farooq kom til Noreg for 15 år sidan. Han kan tenkje seg å returnere til Pakistan når han blir pensjonist, om kona berre ville gå med på det – og om helsa held. For som han seier: «Ein må ha god helse for å gjere det».
Betre helsetilbod
Når framtida i Noreg samanliknast med å bli eldre i heimlandet, kjem mange av informantane til same konklusjon som Shamir: «Eg synst det er veldig fint å bli eldre her. Når ein blir gamal treng ein legar, medisinar og alt det der. Der nede er det mest ikkje kvalifiserte legar, i alle fall ikkje i landsbyen. Du må til byen og det er utrygt å reise. Kanskje blir du rana. Medisinen dei skriv ut kan du ikkje stole på. Det er veldig, veldig forskjellig frå helsevesenet i Noreg, både når det gjeld behandling og anna.»
Mange av innvandrarane kjem frå land utan utbygd eldreomsorg og har vakse opp med sterke tradisjonar om familieomsorg. Vil dei ikkje fortsett bli sørgja for av sine nære pårørande?
Knytta til familen
Alle som var intervjua hadde barn som budde i same kommune som dei sjølv, som regel i gangavstand. Nokre hadde etablert seg saman med den unge generasjonen i felles husvære. Men utveklinga i Noreg er den same som i andre land; talet på fleirpersonhushald går ned.
«Når den unge generasjonen veks opp her, må foreldra rekne med forandringar i det tradisjonell familiemønsteret. Vi prøver å førebu dei på det,» fortel ein av dei som driv frivillig arbeid blant sine tamilske landsmenn.
Mange av informantane var skeptiske til måten dei meiner nordmenn handsamar sine eldre på: «Nordmenn, dei sender berre mor og far sin på sjukeheimen dei!» For Frobenius og andre som kjempar for at sjuke og hjelpetrengjande foreldre får innsmett på ein aldersinstitusjon, ville det truleg ha vore ei stor lukke om skildringa var riktig.
Ønsker ikkje sjukeheim
Lik dei fleste andre, ser ingen av intervjupersonane fram til å bu på sjukeheim. Nokon seier likevel at om helsa skulle bli så dårleg, vil dei heller det enn å bry barna sine. Andre uttrykker store forventningar til at neste generasjon vil hjelpe dei. Då kjem det vel med å ha ein stor barneflokk: «Kan ikkje guten min hjelpe meg, er eg 100 prosent sikker på at dotter mi vil gjere det, og gjer ikkje ho det spør eg den neste sonen min», seier seksbarnsfaren. Men som i alle land går barnetalet blant innvandrarfamiliar ned og nærmar seg gjennomsnittet for befolkninga.
Ikkje plass
Stilt overfor ein situasjon som vel alle kjenner frykt for, når helsa blir så skral at ein treng omsorg og tilsyn mest heile tida, melder likevel mange av informantane pass: Under slike omstende tvilar dei på at deira næraste maktar å ta hand om dei, og konkluderer motviljug: «Då må eg vel på «gamleheimen»» Dei fleste er «lukkeleg» uvitande om det debatten den siste tida viser, at det ikkje er plass for dei.
Mykje tyder såleis på at behova i eldresektoren dei neste 15-25 åra er enda større enn det ein får inntrykk av når ein høyrer debatten og ser på forbruket av tenester i dag.
Les også
Siste fra seksjon
-
Hva Skrik betød for meg
25 mai 2012 21:58
Relaterte bilder
Mykje tyder på at behova i eldresektoren dei neste 15-25 åra er enda større enn det ein får inntrykk av når ein høyrer debatten og ser på forbruket av tenester i dag, skriv Trude Brita Nergård. FOTO: SCANPIX FOTO: FOTO: SCANPIX


Kommentarer