Feil om Burma VJ
3. februar kommenterer Mala Wang-Naveen rolla til det offentlige tilskottsapparatets i den danske, Oscar-nominerte Burma VJ. Norske Mediamente er co-produsentar for filmen.
Wang-Naveen hevder at Burma VJ i dag klassifiseres som dansk, fordi Norsk filminstitutt (NFI) ikke «så mulighetene for dokumentarfilmen». Det er feil. Produsentane har aldri søkt NFI om tilskott til denne filmen. Burma VJ har heilt frå starten hatt dansk hovudprodusent og regissør, og NFI har ikkje hatt nokon innverknad på om Burma VJ enda som ein norsk eller dansk film.
I kommentaren heiter det vidare at Burma VJ vart ramma av at Noreg signerte den europeiske co-produksjonsavtalen først i november i fjor. Det er også feil. Målet med denne avtalen er å gjere det lettare for norske hovudprodusentar å hente pengar i utlandet. Burma VJ har norsk minoritetsprodusent, og blir derfor ikkje rørt av når Noreg slutta seg til avtalen.
NFI er svært stolte av at ein film med sterk norsk tilknyting oppnår Oscar-nominasjon, og ønskjer Mediamente lykke til!
NINA REFSETH
direktør, Norsk filminstitutt
IVAR KØHN
avdelingsdirektør for utviklings- og produksjonsavdelingen, Norsk filminstitutt
Les også
Siste fra seksjon
-
Hva Skrik betød for meg
25 mai 2012 21:58


Kommentarer