Utskrift er sponset av InkClub InkClub

For å plage lesarane?

I eit innlegg 24. januar går Lars Mjøen til åtak på Aftenpostens Ole Mathismoen. Mjøen ser ut til å meine at den globale oppvarminga er noko Mathismoen har funne på for å plage Aftenposten sine lesarar. Her må Mjøen skilje mellom sjølve klimakrisa og bodbringaren når det gjeld denne krisa, nemleg Mathismoen. Mjøen peiker på alle kostnadene som klimatiltak skaper, som auka skattar og avgifter. Han har rett i at miljøvern kostar, men dei fleste forskarar er einige om at kostnadane ved ikkje å handle, vil bli mange gonger større. Dagens CO2-utslepp er ikkje nødvendige. Kvar enkelt kan gjere tusenvis av val som reduserer forureininga. Det gjer livet mindre komfortabelt, men kva er alternativet? Odin Fauskevåg

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer