Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Grønast å bu i by?

Aftenposten 29. juni tek utgangspunkt i ein analyse frå SSB som ifølgje avisa viser at byane slepp ut mindre klimagassar enn bygdene. Ut frå dette blir ikkje mindre enn tre professorar intervjua.

Konklusjonen blir at "Bygdene utpekes som klimaskurker". Er dette sant? Svaret må i første omgang ta utgangspunkt i kjelda, nemleg SSB. Her går det fram allereie ved første augekast at granskinga seier noko heilt anna. Det ho seier, er at dei som ikkje produserer noko, heller ikkje slepp ut mykje klimagassar! SSB har også ei overskrift som indikerer at tettstadsstorleik er viktig for klimautsleppa, men dette ser i liten grad ut til å påverke forskjellane mellom by og bygd. Det er nemleg ikkje nokon generell regel at bygder har store klimautslepp, slik avisa hevdar i si overskift over fem spalter på førstesida. Heller tvert imot: "For spredtbygde kommuner er det ikke noe klart mønster. Noen har svært mye utslipp fra gjennomgangstrafikk eller deponier, mens andre har svært lave utslipp." Dette er det SSB skriv om den saka.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer