Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Ikkje så nytt om abort

Aftenpostens reportasje om abort og rusmisbruk 28. september har overskrifta: "Abort øker risikoen for rusmisbruk". Dramatiske tal blir presenterte.

32 prosent av kvinner som har tatt abort oppgir i ei stor undersøking at dei har eit alkoholproblem, 32 prosent av kvinnene har brukt cannabis dei siste ni månadene.Desse tala illustrerer tydeleg at det dreiar seg ikkje berre om rusmisbruk, men om at mange av kvinnene som har tatt abort, har betydelege psykiske problem.Helseminister Sylvia Brustad (Ap) seier i ein kommentar at dette er ny kunnskap.Det stemmer nok berre noko på veg, dersom ein ser rusmisbruket som uttrykk for at kvinnene har det vondt inni seg, at dei slit psykisk.

I 40 år.

For underskrivne, som har arbeidd som allmennpraktiserande lege og seinare psykiater i om lag 40 år, er det openbert ut frå reine erfaringsdata at mange kvinner slit med psykiske etterverknader etter abort. I 1992 stod ein artikkel i Journal of American Medical Association med tittelen: "Myten om abortsyndromet", der innleiinga lydde slik: "Dette er ein artikkel om eit syndrom som ikkje finst".Forskingsresultat frå fleire land viser noko anna, noko punkta nedanfor illustrerer.

11 % kjende skuld.

Den svenske forskaren Ekblad fann i 1975 ved etterundersøking mellom to og tre år etter inngrepet at 64 prosent var nøgde med avgjerd og inngrep, ti prosent var nøgde, men følte ubehag ved inngrepet og hospitaliseringa, elleve prosent hadde alvorlege anger- og skuldreaksjonar. Den norske gynekologen Kolstad fann i ei undersøking frå 1957 ved undersøking av 135 kvinner 6 månader etter inngrepet: 82 prosent var reservasjonslaust nøgde. Ti prosent var tilfredse, men tvilande til om det var eit rett val. Fire prosent var ikkje tilfredse, men meinte det hadde vore nødvendig. 4 prosent angra.

23 % fekk problem.

Berthold Grünfeld intervjua i 1971-72 heile 230 kvinner, siste gong ½ år etter inngrepet. Konklusjonar: 23 prosent fekk psykiske problem etter inngrepet. 35 prosent hadde psykiske insuffisiens-symptom før inngrepet, utan at det framgår om det delvis hadde si årsak i tvil vedrørande det føreståande inngrepet. Han såg ein samanheng mellom tidlegare psykiske problem og skuldkjensle og depressive symptom etter inngrep.Psykiater Anne Nordal Broens arbeid frå 2006 er tidlegare referert i Aftenposten. Konklusjon: Det er ingen grunn til å ta lett på faren for psykisk etterverknad og rusproblem etter provosert abort. Kunnskapen er ikkje ny, og det er kanskje på tide å ta han på alvor.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer