Kvifor slikt hastverk?
Den raudgrøne regjeringa er no berre eit stortingsvedtak frå å ha innført ei ny ekteskapslov. Eit velbegrunna utsetjingsforslag frå KrF vart nedstemt i Stortinget forrige veke.
AV: jan gudmund skrivervik
Publisert:
Oppdatert:
Denne lova er ingen siger for demokratiet i Norge. For det er vanleg med offentleg utredning på førehand når ein står framfor lovutkast som vil få store samfunnsmessige konsekvensar om det blir vedteke. Sjeldan har ei sak vore meir kvalifisert til ei slik utredning enn forslaget om ein ny ekteskapslov. Men nei, her skal ein "smi mens jernet er varmt" i staden for å gå djupt og sakleg inn i ei grundig konsekvensanalyse. Frankrike gjorde det siste og kom fram til at av omsynet til borna var ei slik lov ikkje samfunnsmessig tenleg. Dei trakk då forslaget om ei kjønnsnøytral ekteskapslov tilbake.Vi er mange som enno trur på eit under på avstemningsdagen i Stortinget. Måtte mange representantar stemme nei i protest mot forsøket på å føre ei så stor og viktig sak gjennom med turbofart.
Les også
Siste fra seksjon
-
Hva Skrik betød for meg
25 mai 2012 21:58



Kommentarer