Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Livsforlengande behandling - ein rett?

Behandlingsavslutning.I det siste har diskusjonen gått høgt om etiske problem knytt til avslutning av livsforlengande behandling hos alvorleg sjuke pasientar. Spørsmålet om behandlingsavslutning skil seg frå spørsmål om aktiv dødshjelp ved at her blir livet forkorta i høve til eit "naturleg" dødstidspunkt. Ved avgrensing av livsforlengande behandling let ein vere å utsette dødstidspunktet ytterlegare fordi behandlinga blir vurdert som nyttelaus. Omgrepet nyttelaus er etisk lada og må brukast med stor varsemd, men i praktisk medisin kjem ein ikkje utanom å vurdere om ei behandling har nytte. Medisinen kan i dag ofte hindre eller utsette død. Dette har to viktige konsekvensar. Den eine er at døden lett blir assosiert med medisinsk svikt eller manglande vilje til å bruke ressursar. For nokre år sidan fekk den gamle eit stort slag som ho døydde av. I dag diskuterer vi sondemating og aktiv behandling av svært gamle menneske med store skader og lidingar, medan ressursane ikkje strekk til for å hjelpe andre sjuke gamle som kunne hatt nytte av behandlinga. Endå vanskelegare blir dette for unge menneske der behandling, både intensivbehandling og kirurgiske inngrep, kan trekke ut liding både i veker og månader. Spørsmålet eg stadig oftare stiller meg er om det etisk sett ikkje er klanderverdig også å overbehandle og å trekke ut liding hos menneske som ikkje sjølv kan kjempe for eigne interesser. Kva gjer vi med medisinen dersom ein behandlar fordi det er det tryggaste (for legen) utelukkande på grunn av press frå pårørande, media eller jusen? Dette fører over til den andre konsekvensen av evna til å forlenge liv og utsette død, nemleg at spørsmålet om når nok er nok vert meir sentralt. I moderne medisin må nokon stadig oftare ta slike tragiske avgjerder.

Verdimessige vurderingar.

Over såg vi at vurderinga av nytten av behandling står sentralt. Her inngår ofte kompliserte medisinske vurderingar som berre superspesialistar kan gjere, men også verdimessige vurderingar. Det er heldigvis slutt på at ein lege åleine kan ta slike avgjerder. Det er hevda at pårørande bør kunne avgjere i slike saker, og i dag blir avgjerda oftast tekne i tett kontakt med dei næraste. Men av og til hender det at pårørande ikkje kan godta at behandlinga er til ingen nytte. Bør dei kunne forlange ei behandling som ikkje er fagleg forankra?I staden for å gi hjelp til å godta det tragiske, til forsoning og det å komme vidare, er det ofte lettare og mindre konfliktfylt for legen å handle medisinsk-instrumentelt, noko ingen er tente med. Mange har opplevd at pårørande i ettertid har takka den som til slutt hadde mot til å seie at nå er alt håp ute. Er det rett å bruke komplisert medisinsk behandling som eksistensiell trøyst? Då taper dei svakaste og får lidinga forlenga. Diverre greier ikkje alltid pårørande i sorg og fortviling å sjå pasienten sitt beste. Då må andre tale pasienten si sak. Dette krev mot, evne til kommunikasjon og kunnskapar i etikk. Korleis kan ein så møte denne nye situasjonen? Ikkje med jus og ikkje i media. Terry Schiavo-saka viste dette tydeleg. Men av og til må etisk kompliserte avgjersler løftast ut av den snevre kliniske settinga. Pasientar og pårørande har i dag fått rett til ny vurdering, og i liv-død-spørsmål der nytten av behandling kjem inn, er det særleg viktig at den medisinske vurderinga er god. Ingen ting i medisinen er 100 prosent sikkert.

Grundig drøfting.

I Norge har vi nå fått kliniske etikk-komitéar ved alle helseforetak. Dette er tverrfaglege grupper som kan drøfte eit etisk problem breitt og uhilda og sørgje for at saka blir granska godt nok medisinsk, at pasientar og pårørande si stemme blir høyrt og at juridiske spørsmål og dei etiske problema blir drøfta systematisk. Sjølve avgjersla må den behandlingsansvarlege ta, men dette kan sikre pasient og pårørande ei brei og grundig drøfting. Ingen, aller minst pasientane, er tente med at legane abdiserer fagleg og etisk. Derfor trengst det ikkje meir jus, men fora som sikrar opne og etisk uavhengige drøftingar basert på gode medisinske skjønn.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer