Om å skriva i takt
Det er ikkje berre når det gjeld åtak på LO-leiaren at norske journalistar ser ut til å skriva med éin penn . . . Ops, eg har ikkje før byrja på setninga før eg ser at eg gjer same feilen som journalistar flest, eg nyanserer ikkje.
AV:
av
Publisert:
Oppdatert:
Eg får finna ei anna formulering: Med unntak av dei som arbeider i Vårt Land, Klassekampen og Bergens Tidende, skriv norske dagsavisjournalistar i takt når det gjeld åtaka på LO-leiaren.
Samstemte journalistar.
Men dette er ikkje einaste tilfellet. Sjølv om kulda har slått inn, råder det framleis berre éi mediemeining om global oppvarming, og i omtalen av kvinne/mann, er journalistar samstemte om at mannen så absolutt har dei fleste lyte, ja, nærast er litt stakkarsleg. Aftenposten i går er full av døme på det: Mange kvinner vel heller ein mann som har born frå før, forkynner avisa, og legg til: "En "pent" brukt mann med gode ressurser kan framstå som et mer interessant makevalg enn en "ubrukt mann" med dårlige ressurser." Reint bortsett frå at dårleg og god er lite høveleg adjektivbruk i samband med ordet ressurs, tyder formuleringa på at journalisten reknar med at kvinner berre kan velja og vraka når det gjeld partnar. Kan dei det?Kvinners premissar.
På neste side kan vi lesa at gutane er på defensiven. Det gjeld selskapsklubben Concordia for einslege. Rett nok dreier det seg om sitat, men dei vert ståande uimotsagde, blant anna at: "Kvinner er flinkere til å bygge nettverk. De tar initiativ og nødvendige skritt, de er ikke opptatt av å holde fasaden." Klubben har innført inntaksstopp på kvinnelege medlemer, får vi høyra.Journalisten spør seg ikkje eitt sekund om einslege menn kan henda ikkje er så interesserte i å leva på kvinners premissar; delta i kaffislabberas og selskapsreiser, høyra på "interessante" føredrag og vera til stades på keisame "festar".Mannskritiske media.
Ein notis om at "Færre menn studerer" inneheld ikkje kommentarar bortsett frå: "Da holdes militære høyskoler utenfor." Men i den generelle mannskritiske konteksten som norske medier badar i, kjem tankane av seg sjølve: Endå ein gong er "mannen" taparen. Sjølv kan ein finna grunn til å prisa seg lukkeleg over at det framleis er menn som vil verta bygningsarbeidarar, røyrleggjarar, bilmekanikarar, elektrikarar og arbeida i industrien. Det er faktisk menn som gjer det meste av arbeidet som held samfunnet i gang.Tenk om det kobbelet som har drive hets mot Valla, i staden hadde rydda gatene for snø. Då ville mange gamle kvinner (og menn) sloppe å falla på isen . . . Det hadde det faktisk vore langt meir gagn i.Les også
Siste fra seksjon
-
Hva Skrik betød for meg
25 mai 2012 21:58


Kommentarer