Oslo - den historielause hovudstaden?
Styret for Universitetet i Oslo har no vedteke å flytte vikingskipa frå Bygdøy til Sørenga. Med dette vedtaket vil landets best besøkte museum bli plassert i den nye bydelen Bjørvika, som det no er ein stor debatt om.
AV:
av
professor
Publisert:
Oppdatert:
- Vikingskipene skal flyttes til Bjørvika
- Skal vi flytte vikingskipene?
- Knebling av kritikere?
- Flyttingen kan gå helt galt
- Bevaring er viktigst
- Vikingskipenes fremtid
- Bygdøy er den beste løsningen
- Museal fantasiløshet
- Flytting er forsvarlig
- Eksperter frykter farene ved flytting
- Det mest verdifulle kan bli ødelagt
- Vikingskipene må få seile fritt
- Hus eller skip viktigst?
- Etteranmeldt antikvar
- Uenige om flytting av vikingskipene
- Vil flytte vikingskipene
Etter gjeldande reguleringsplan vil eit nytt kulturhistorisk museum med skipa bli liggjande inne i mellomalderbyen, stengt av frå sjøen med ein mur av bygningar. Dette er ei uakseptabel løysing.For seks år sidan feira Oslo 1000-årsjubileum. Om åtte år kan byen feire 700-årsjubileum som landets fyrste rikshovudstad, for kong Håkon 5. Magnusson bestemte 31. august 1314 at prosten ved Mariakyrkja i Oslo skulle vere kongens kanslar til evig tid. I denne kyrkja blei kong Håkon, landets siste norske konge, gravlagd i 1319. I dag står berre ruinane att av kyrkja, slik situasjonen også er for kongsborga, biskopsborga, Hallvardskatedralen og andre steinbygningar frå mellomalderen. Vi har her Nordens største samling av ruinar og leivningar etter bygningar frå mellomalderen, noko som har gjeve området namnet Nordens Pompeii, fyrste gongen brukt av den svenske riksantikvaren Sigurd Curman i 1937.
Tape kontakten.
Oslo kommune har gjort ein stor innsats med etableringa av mellomalderparken på Sørenga. Men gjeldande reguleringsplan er ein katastrofe for mellomalderbyen. Oslo har alltid vore knytt til sjøen, og det er frå sjøen byen har utvikla seg ved elva Alna. Den som kom inn mot byen i mellomalderen, opplevde eit storslått syn mot Akershus slott og festning og dei mektige steinbygningane i kongens og biskopens by, med Mariakyrkja med to tårn liggjande i sjøkanten. Dersom gjeldande reguleringsplan blir realisert, vil dei som kjem inn frå sjøen, møte ein massiv bygningsmasse. Frå mellomalderbyen vil vi sjå baksida av den same bygningsmassen, og vi vil tape kontakten med Akershus, Hovudøya og sjøen.Kvart år er det nærmare ein halv million menneske innom Vikingskipshuset på Bygdøy. Vikingtida er den perioden i norsk historie som vekkjer størst internasjonal interesse. Og dei havgåande skipa er det mest representative uttrykket for denne perioden. Gjenstandane frå vikingtida er elles oppbevarte og utstilte i Historisk museum på Tullinløkka. Det er ei påtrengjande oppgåve å samle materialet frå Bygdøy og Tullinløkka i det vi kan kalle eit vikingtidsmuseum. Noko slikt finst ingen andre stader i Noreg, og vil med dei rette omgjevnadene bli Noregs største turistattraksjon. Kombinert med mellomalderbyen, Nordens Pompeii, vil dette museumskonseptet vekkje internasjonal oppsikt.Innestengt.
På Bygdøy er vikingskipa plasserte i eit monumentalt bygg som skapar inntrykk av eit gravmæle, noko som er historisk forsvarleg sidan skipa er funne i gravhaugar. Men ved ei eventuell flytting må dei kome i kontakt med sitt rette element, sjøen. Dette skjer ikkje med dei noverande planane på Sørenga. Noregs mest besøkte museum er planlagt innestengt bak ein stor bygningsmasse, ved eit kunstig basseng utan utsikt mot fjorden.Målet for myndigheitene må vere å utvikle den internasjonale attraksjonen som ligg i eit flott vikingtidsmuseum i sjøkanten, ved ein mellomalderby og park som går heilt ut mot sjøen. Og berre på denne måten kan Oslo forsvare nemninga fjordbyen.Utan endring av gjeldande reguleringsplan kan ikkje dette målet oppnåast. Dersom ikkje noko blir gjort med den, vil hovudstaden framstå som historielaus, utan sans for fortida.Les også
Siste fra seksjon
-
Hva Skrik betød for meg
25 mai 2012 21:58


Kommentarer