Tysdag 31. januar vedtok stortingsfleirtalet med Arbeiderpartiet, Kristeleg Folkeparti, Høgre og Framstegspartiet at regjeringa innan 10. mars må revurdere tolkinga av naturmangfaldlova og tilpasse denne til Stortingets ulveforlik frå i fjor.

3rd-party-bio

I realiteten skjuler det seg ein instruks bak den parlamentariske etiketten i vedtaket der Stortinget «ber» regjeringa «om å se hvordan» naturmangfaldlova kan tolkast for å opne for lisensfelling av ulv.

Professor Eirik Holmøyvik, Det juridiske fakultet, Universitetet i Bergen

Detaljstyring av den utøvande makt

Ikkje sidan Kjell Magne Bondeviks sentrumsregjering i 2000 har vi sett ei slik detaljstyring av den utøvande makta frå Stortingets side. Bondeviks regjering måtte tole detaljstyring i stortingsvedtaks form i den såkalla IT Fornebu-saka og kort tid etter i gasskraftsaka.

Bondevik tok ansvar og stilte kabinettspørsmål i gasskraftsaka. Som kjend tapte han og gjekk av. Kva gjer Erna Solberg?

Saken fortsetter under annonsen.

Stortingsregjereri

Instruksjonsvedtaket om å tolke naturmangfaldlova på nytt er ikkje rettsleg bindande for regjeringa, men det er eit kraftig politisk tvangsmiddel. Om regjeringa nektar å følgje stortingsfleirtalets vedtak risikerer den eller ansvarleg statsråd Vidar Helgesen å få mistillitsvedtak mot seg.

I vårt parlamentariske system er Stortinget den sentrale institusjonen. Samstundes er det grenser for kva Stortinget kan tillate seg overfor regjeringa. Tysdagens vedtak kryssa fleire grenser.

Helgesen tvinges

For det fyrste går Stortingets vedtak i praksis ut på å tvinge Helgesen til å gjere eit vedtak han meiner er ulovleg. Helgesen og regjeringa sit att med ansvaret for at ulvefelling er i samsvar med naturmangfaldlova og våre folkerettslege plikter etter Bern-konvensjonen. Det styrande stortingsfleirtalet står ansvarsfritt tilbake.

For det andre har Stortinget alltid heldt fast ved at Stortinget ikkje kan eller bør gi instruksar om korleis regjeringa skal utøve ein kompetanse gitt ved lov. I slike tilfelle må Stortinget gjere eit nytt lovvedtak og endre lova. Dette er elementær statsrett.

Maktfordelingsprinsippet

Det er gode grunnar til at vi held fast på maktfordelingsprinsippet også i eit parlamentarisk system der regjeringa er avhengig av stortingsfleirtalets tillit.

Kvar vil det føre offentleg forvaltning om skiftande stortingsfleirtal byrjar å gjere vedtak om regjeringas tolking av andre lover, som til dømes utlendingslova?

Viktige forvaltningsrettslege prinsipp om likebehandling og forsvarleg saksbehandling står på spel om Stortinget blandar seg inn i enkeltsaker gjennom instruksar om lovtolkinga.

Einsleg blaff av konstitusjonelt medvit

Under debatten tysdag vedgjekk Knut Storberget frå Ap at stortingsfleirtalets vedtak «er på grensa», men at det var «en absolutt nødvendig detaljstyring av den utøvende makt».

Verktyet er lovvedtak, ikkje ulveforlik eller instruksjonsvedtak.

Storbergets innrømming var eit einsleg blaff av konstitusjonelt medvit blant stortingsfleirtalet. Men Stortingets vedtak var over grensa. Dessutan var vedtaket unødvendig. Tysdagens parlamentariske maktdemonstrasjon dekker nemleg over Stortingets avmakt og ansvarsvegring.

Stortingets avmakt

Gjennom stortingsfleirtalets utspel i stortingssalen fekk vi inntrykk av at det hasta å felle ulvar. Vi fekk høyre at ulvane er til fare for folk, at dei øydelegg livskvaliteten for folk i Hedmark og at dei gjer stor skade på næringsinteresser.

I det som vart framstilt som ein krisesituasjon, kan vi forvente at våre fremste folkevalde viser handlekraft og frelsar folk og elg for glefsande gråbein. Ikkje dette parlamentet. Ikkje desse folkevalde.

Det har no gått over ein månad sidan Helgesen stoppa ulvejakta i Hedmark. Det har gått to veker sidan Helgesen møtte i Stortinget og fortalde at han stod fast på vedtaket sitt.

Demonstrerte på plenen foran Stortinget

Kva har Helgesens kritikarar på Stortinget gjort i mellomtida? Nokre av dei har demonstrert på plenen framfor det same parlamentet dei er medlemmer av. Andre har vore høgt og lågt i media med kritikk av statsråden. Det har vore mykje prat og mange harde ord, men lite handling.

At stortingsfleirtalet meiner Helgesen har tolka naturmangfaldlova feil, er irrelevant i den noverande situasjonen. Det er ikkje sjeldan at det er usemje om lovtolking.

Faktum er at kvar og ein av Helgesenes kritikarar på Stortinget når som helst kan føreslå lovendring.

Til sjuande og sist er det likevel Stortinget som har ansvaret for at naturmangfaldlova gir dei heimlane forvaltninga treng for å gjennomføre stortingsfleirtalets rovdyrpolitikk. Verktyet er lovvedtak, ikkje ulveforlik eller instruksjonsvedtak.

Stortinget kan endre lova

Faktum er at kvar og ein av Helgesenes kritikarar på Stortinget når som helst kan føreslå lovendring. Det same stortingsfleirtalet bak tysdagens instruksjonsvedtak kan når som helst endre naturmangfaldlova til å opne for felling av ulv i dagens situasjon. Lova kan endrast på under ei veke.

Om stortingsfleirtalet hadde brukt fullmaktene sine kunne ulvejakta for lengst vore i gang og blodige ulvepelsar kunne ha pryda Hedmarkens låveveggar før snøen smeltar.

Stortingets framferd er djupt ironisk. Jo sterkare stortingsfleirtalet kritiserer Helgesen for å sette liv og helse i fare ved å nekte ulvejakt, jo meir uansvarleg vert det same stortingsfleirtalet når det ikkje endrar lova til å gi klår heimel for ulvejakt.

Følg og delta i debattene hos Aftenposten meninger på Facebook og Twitter.