Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Utvid heller på Bygdøy

I 1998 vedtok universitetsstyret å arbeide for eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika. I dag går eg inn for at det blir flytta til Bygdøy.

Nei til Bjørvika. Etter framlegg frå underskrivne vedtok styret for Univeritetet i Oslo i 1998 å arbeide for eit nytt kulturhistorisk museum i Bjørvika. I dag går eg inn for at museet blir flytta til Bygdøy.

For 12 år sidan ønskte vi å flytte vikingskipa frå Bygdøy, og såleis få ei samling av museet, og å bruke eit nytt museum i arbeidet med å utvikle Bjørvika. Somme tenkte seg museet i sjøkanten, slik at vikingskipa kom i kontakt med sitt rette element.

Men utviklinga ville det annleis. Vikingskipa blir nok ikkje flytta, og Bjørvika har fått ei rivande utvikling utan museet. Gjeldande reguleringsplan stengjer mellomalderbyen av frå fjorden. Eit nytt museum er planlagt utan kontakt med sjøen, og delvis inne i mellomalderparken.

Delt løysing heldig.

Frå ein fagleg synsstad vil det vere svært uheldig med ei delt løysing for det nye museet, med vikingskipa og tilhøyrande gjenstandar på Bygdøy og resten av materialet frå vikingtid og mellomalder i Bjørvika. Når skipa ikkje blir flytta, er valet enkelt, resten av museet må flytte frå Tullinløkka til Bygdøy.

Og dette er ingen ny idé. I 1904 opna Historisk museum på TulIinløkka, men det hadde ikkje plass til vikingskipa, som måtte stå i universitetshagen. I 1913 vann Arnstein Arneberg arkitektkonkurransen om eit nytt museum på Bygdøy med sitt utkast til eit «Nasjonalmuseum». Der hadde Norsk Folkemuseum opna portane sine i 1902, og det nye museet skulle reisast i tilknyting til det. Men berre den fyrste delen av bygningen blei fullført, og har sidan 1932 hyst dei tre vikingskipa. Ei flytting til Bygdøy vil såleis realisere den gamle visjonen.

Etter at riksantikvaren med styrke har teke opp att Bjørvika-saka, er det i dag utsikter til at ein kan få opna Kongsbakken framfor mellomalderparken. Men det vil samla sett vere eit stort behov for utbygging av området. Dersom ein ikkje realiserer planane om eit nytt museum der, vil det lette presset på utnyttinga av Kongsbakken. Og for mange av oss har omsynet til mellomalderbyen høgaste prioritet.

Ei innvending mot flytting til Bygdøy er trafikkforholda. Men i dag er Vikingskipshuset Noregs best besøkte museum med eit årleg besøkstal på ca. 430000. Besøkstala for Historisk Museum på Tullinløkka ligg på ca. 65000. Ei flytting til Bygdøy vil såleis ikkje føre til ei dramatisk endring av situasjonen.

Utfyller kvarandre.

Noreg har enno ikkje eit museum som spenner over Noregs historie frå dei eldste tider til i dag. Ei samanslåing av universitetets kulturhistoriske museum og Norsk Folkemuseum ville gje ein slik institusjon. Dei to musea utfyller kvarandre. Universitetsmuseet har samlingar opp til reformasjonen. Folkemuseet har antikvariske bygningar frå mellomalderen til vår tid, og utstillingar som formidlar Noregs historie, kultur og tradisjonar frå reformasjonstida til i dag. Museet har også ei stavkyrkje, ei eiga samisk avdeling, og arbeider med det fleirkulturelle Noreg.

Særskilt ansvar.

Nemninga nasjonalmuseum er for lengst akseptert i den norske offentlegheita. Vi har f.eks. Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design og vi har Nasjonalbiblioteket. Desse institusjonane har eit særskilt ansvar for å samle inn, oppbevare, studere og formidle materiale frå Noreg. Verksemda der må sjølvsagt setje det norske inn i eit større perspektiv, og delta i den internasjonale debatten og utviklinga.

Kulturhistorisk museum må no omsider samlokaliserast, og det kan nok berre skje på Bygdøy. Ei samanslåing med Folkemuseet vil vere ei god løysing, men det er ingen føresetnad for ei slik flytting.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer