Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Varsla før 9. april

Det slår aldri feil. Like sikkert som at bjørka spring ut kvar vår, kjem lesarinnlegga om korleis dei styrande neglisjerte dei klare varsla om tysk invasjon. Det nye i år er at ein av innsendarane gjev sine synsmåtar ekstra tyngd ved å presentere seg som embetsmann i Utanriksdepartementet - samstundes med at han leverer eselspark til faghistorikarane som leverandørar av "offisiell historieskrivning"!Sams for desse lesarinnlegga er at dei anten ikkje har teke bryet med å sette seg inn i det faghistorikarane på utførleg og grundig dokumentert vis har framstilt om saka, eller rett og slett set ein strek over det fordi det ikkje høver inn i deira på førehand fastlagde oppfatningar. Vi som har behandla dette faghistorisk, kan ikkje tvinge nokon til å lese det vi har skrive. Men ingen kan heller tvinge oss til å gjere vald mot kompliserte årsaks-samanhengar gjennom å koke det heile ned til fyndige slagord i tabloidformat. La meg likevel prøve med nokre spørsmål til ettertanke: Kvifor har dei fleste etterretningsanalytikarar, etter å ha studert heile serien med varsel-svikt frå Pearl Harbor via Weserübung og Seksdagarskrigen til invasjonen i Kuwait konkludert med at overraskingsangrep alltid lykkast? Kvifor makta ikkje britane, med si vidgjetne etterretningsteneste, med sine rekognoseringsfly over den tyske nordkysten, og med ubåtar på post i Skagerrak, å finne ut kva som var i emning? Måtte Blücher-gruppa nødvendigvis vere på veg til Norge fordi om dei gjekk nordover gjennom dei danske belta (spesielt når dei reint faktisk la om kursen i vestleg retning straks dei hadde runda Skagen)?

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer