Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Sakprosa mellom bok og blogg

Ny norsk sakprosa inneheld to store tema - krig og kjærleik. Svært mange reiser og skriv. Ikkje alle som reiser og skriv er gode til å skrive.

Norsk kulturråd har i 2005 for første gong hatt innkjøpsordning for ny norsk sakprosa. Ordninga gjeld sakprosabøker i ei essayistisk, forteljande eller resonnerande form, skriven av ein eller fleire forfattarar for eit allment publikum. Aktuelle sjangrar er essayistikk, biografi, reiseskildring og dokumentarlitteratur. Ordninga er selektiv. I 2005 var det økonomisk ramme for innkjøp av 31 titlar, noko som skulle vise seg å vere i underkant av 15 % av samla påmelding. I stablane av påmeldte bøker gjer nokre tendensar i sakprosaåret 2005 seg gjeldande.

Krig og kjærleik.

Skribentar skriv i flokk. Sakprosaåret inneheld to stor tema - krig og kjærleik. Krigsreportaren gir oss dei andre sin krig, både dei før oss - verdskrigen "vår", jødane, partisanane, indianar og kvit, og dei andre stader - i Irak, Israel, Palestina, Afganistan, Biafra. Livsterapeuten skriv om kjærleik og mangel på slik. Det er vår kjærleik - retta til nesten, til Gud, til oss sjølve. Korleis har du det med deg sjølv og di eiga utvikling? Her er "kjærlighetens kraftlinjer", "veier til et godt liv", "du er mer enn du tror", "om å være tilstede i eget liv", "bli venn med tiden", "mot en ny virkelighetsforståelse". Kombinasjonen av desse to temaene finst ofte i dei mange reiseskildringane. Litt krig og konflikt, så reise vidare, litt sjølvutvikling, så reise vidare. Svært mange reiser. Svært mange reiser og skriv. Ikkje alle som reiser og skriv er gode til å skrive.

Mellom det abstrakt personlege og det abstrakt saklege.

Sjangermessig er her interessante tendensar. Det mest påfallande er eg-poseringa. Intimitetstyranniet er på veg inn i sakprosaen. "Utgangspunktet for denne boka er meg selv". Teksten er organisert rundt eigen person, eigen sjølrefleksjon, eigne heltar, eige fotoalbum eller eigne favorittsitat. Her er ei stor tru på at det forteljande eg-et får lesaren i tale. Direkte. Eg-et stiller seg mellom saka og lesaren, og peikar først og fremst på seg sjølv. Jon Hellesnes skreiv for mange år sidan eit essay om korleis det personlege kunne få forrangen liksom det saklege. Nokre gonger kan ein bli ståande andsynes person utan sak, andsynes det abstrakt personlege. Han kallar det klamt, og seier det er vanskeleg å sleppe frå. Sakprosaåret inneheld nok pludreprosa. Sakprosaens styrke er saka. Og svært mange kan svært mykje. Om 1905. Harald Kihle. USA. Mao, min Mao. Jørgen Løvland. Klosterlasse. Bergkunst. Hertervigs papirarbeid. Fiskeri. Språk og natur. Den litterære Hamsun. Hva er makt. Følelsens filosofi. Hva er biologi. Thorstein Veblen. Piken som så Jomfru Maria. Under kunnskapens tre. Når tekstar likevel ikkje alltid blir like vellykka, handlar det om det som i retorisk teori kallast inventio - kva stoff ein finn, og kva inngang og anslag ein gir dette stoffet. Å skrive er både å velje inn, skjere til og velje vekk. Tekstar kan surre og gå for lenge. Dei kan vere for mykje av ein gravemaskinsbiografi eller ein vegg-til-vegg-dokumentasjon. Eller dei kan ta på seg eit for stort ansvar, eller gjere for store byks gjennom tid og rom. Og bli for abstrakt saklege. Fleire tekstar tar avstand frå teori. "Redaktøren av denne boka er på ingen måte spesialist på kulturer". "Det er et utsyn fra middelsmakens sted, ikke et nedlatende blikk fra teorifronten". Det er utvalet si meining at mange av tekstane hadde hatt godt av større teoristyring. Det betyr ikkje at ein skal formidle teori direkte, eller skrive i eit teoretisk, abstrakt språk. Men teori er ikkje farleg. Teori er prinsippielle måtar å sjå på, å velje stoff på. Teoristyrte arbeid er tydelege arbeid.

Å skrive godt.

Kvalitet er ikkje er lett å definere reint allment, men det er ikkje så vanskeleg å sjå det i enkelttekstar. For at tekstar skal bli innkjøpte, må dei vere arbeidd med både språkleg og formmessig. I tillegg må dei ha eit innhald som er tydeleg, og som prosjektet vil ha fram. Form og innhald må henge i hop og høve til kvarandre. Sakprosa er eit retorisk prosjekt, og retorikk er form. Men god retorikk er innhald òg.Den gode teksten fyller på ein høveleg måte form og format. Boka er bokleg. Ikkje alle bøkene er det. I haugen av påmeldingar er utvida magasin-reportasjer. Trykte seminar. Spin-off frå TV-program. Forelesingsnotater. Bloggar. Lange dameblad. Utstillingskatalogar. Oppsop frå skrivebordskuffer. Intensjonserklæringar frå lokale historielag. Utvida turistbrosjyrer. Ut av det kjem gjerne kjapp journalisme, nedlatande pedagogisering, truvedkjenningar, ujamn fagformidling, private synsingar, uklare fotografi, trauste registreringar. Det er former for andre format. Den gode sakprosateksten toler at tida går. Den gode sakprosateksten veit når han er resonnerande, forteljande eller essayistisk. Den gode sakprosateksten er fagleg sterk, generøs, modig og energisk. Den gode sakprosateksten er ein hypertekst, og syner fram at han er det. Her er kvalitetsmessig samspel mellom tekstens disposisjon, illustrasjonar, bildetekstar, layout, noteapparat, vaskeseddel og forord. Alle paratekstane spelar på lag. Av det veks skribenten sitt truverde - ethos - ein sakleg personlegdom blir synleg. Godt språk er arbeid med kvar setning. Ofte handlar det om å skrive meir konkret. "Fokus på"-tekstar kan bli til tekstar om eit emne. Store vi-subjekt kan brytast opp: "EU viser verken evne eller vilje til å gjøre noe med disse tingene". "Det har versert en diskurs". Kravet om nyhende forurensar sakprosaen: "den unike omveltingen", "en radikalt ny situasjon", "paradigmeskiftet virker med tilnærmet usvekket kraft". Iblant kunne ein vurdere å stryke heile setningar: "Det er tusen ting en må vite når en ferdes i språket".

Respekt for lesaren.

Innkjøpsordninga gjeld ny norsk sakprosa for eit allment publikum. I det ligg ikkje ei tabloidisering. Alt skal ikkje nødvendigvis vere for alle. Utvalet har heile vegen drøfta og utfordra forholdet mellom det spesifikke og det allmenne. Tekstar fell utanfor om dei er for lokale eller for fagspesifikke. Men utvalet har ikkje tenkt kor mange som vil låne ei bok, men om boka bør finnast til utlån. Både skribent og forlag må ha tillit til lesaren. Sjølv om ein av erfaring måtte meine at det ikkje er nokon grunn til å ha tillit til lesaren.Lån og les!

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

Påmeldte bøker: 226Innkjøpte: 31 (15 %)Innkjøpte bøker: Se www.kulturrad.no Utvalgsmedlemmer: Aslaug Nyrnes, Stig Sæterbakken, Sindre Hovdenakk, Eli Randmo, Morten Haugen og Sarah Poulson.

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer