Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Kjelder og popularisering

Fleire kommentarar og replikkar i Aftenposten dei siste dagane dreg debatten om boka "Typisk norsk" i retning av det innlysande faktum at ingen eig fakta. Då vil eg gjerne supplere dei juridiske og fagetiske sidene av saka med ei litteraturfagleg vurdering og drøfte kvifor det ikkje er så opplagt at noko er allment kjent i dette landet.Den teksten Schjerven & Co har brukt, "Nynorsken i årstal", er ein krønike. Til skilnad frå ei annalistisk framstilling som kronologisk registrerer lausrivne enkelthendingar, inneheld ein krønike både vurderande element og markerte samanhengar mellom hendingane. For året 1999 står det til dømes i førelegget at som den siste avisa i landet slutta Fredriksstad Blad dette året å omsetje lesarbrev på nynorsk til bokmål.

Meir enn å registrere

. Dette er mykje meir enn å registrere ei faktisk hending. Omsetjing av lesarbrev hadde vore vanleg praksis i den avisa i alle dei år, og mange andre aviser også hadde drive med dette før, men etter kvart slutta med det. Den enkle setninga er altså eit fortetta oppsummering av eit ganske stort og trist kapittel i norsk avishistorie. Å skrive slikt inneber at ein raskt passerer staden for det Ingunn Økland 5.4. kallar "prosaiske opplysninger", eller det Harald Engelstad 6.4. kallar "alment kjente opplysninger". I allmenne oppslagsverk og framstillingar blir altfor ofte det nynorske blikket utelate. Det blikket har eg reindyrka i boka "Viljen til språk. Ei nynorsk kulturhistorie" som kom ut i vinter, nettopp for å vise kva ein då kan oppdage. Den oppdaginga kræsjar nok med det Irene Engelstad 6.4. omtalar som "et språk- og kulturfellesskap". Den nynorske kulturhistoria har til no vore så lite integrert i dette påståtte "felleseiet" at Stortinget før jul løyvde dei første midlane til "Nynorsk digitalt leksikon". Det gjorde dei for at denne sida av den språkdelte norske kulturen skal bli allment tilgjengeleg og etter kvart kunne bli allment kjend.

Spare tid.

Eg trur forfattarane av "Typisk norsk" har støytt på formidlarens grunnproblem. Kort sagt ser det problemet slik ut: Den som skal skrive ei populærvitskapleg framstilling, kan berre i liten grad dra vekslar på andre populærvitskaplege framstillingar av same emnet, men må sjølv gå bakom og inn i dei relevante kjeldene. Berre då kan det som alt har fått ei populær form, få ei sjølvstendig og like presis form utan at synsvinkel og tenkjemåte i førelegga blir med på turen. Den som i staden lagar lette omskrivingar av tette, kortfatta opplysningar, og berre bruker den eine populærvitskaplege kjelda, blir lett ein borgar av feilinformasjonens rike. Førelegget "Nynorsken i årstal" rommar både ein bestemt synsvinkel, visse utvalskriterium og ei tydeleg vurderande form. I tillegg til det faktiske innhaldet er alt dette blitt med over i boka "Typisk norsk". Det er altså rett og slett ein dårleg idé å lage ei årstalsliste med ei anna årstalsliste som nær sagt einaste kjelda. Men det er ein effektiv måte å spare tid på.

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer