Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Takk til USA

USA har akkurat feira nasjonaldag. Med stort pågangsmot er landet blitt eit føredøme for korleis folkeslag og kulturar kan leva side om side.

FRIDOM. Sommaren er her. Mange arbeider jamnt og trutt. Andre sit på verandaen, er på festival eller fisketur.Grillfreden har senka seg over landet. Me kosar oss. Ute i verda er det nokon som slåst. Ikkje fordi dei likar å krige, men fordi situasjonen krev det. Det har nettopp vore nasjonaldag i USA. Det er nøyaktig 230 år sidan landet sa seg fritt frå britisk koloniherredøme. Med stor folkevokster, immigrasjon, pågangsmot og arbeidslyst er landet blitt eit føredøme for korleis folkeslag og kulturar kan leva side om side.

Ein stor økonomi.

Det er like før USA passerer eit folketal på 300 millionar. Bruttonasjonalproduktet veks framleis. Delstaten California har åleine dobbelt så stor økonomi som dei fem nordiske landa til saman.Den militære slagkrafta er eit kapitel for seg. USA vil ha "Independence Day" året rundt og har difor prioritert forsvaret i mange tiår.Det er mange kritikarar sjølvsagt mot. Det er alltid Amerika som har "skulda" når det er i strid ute i verda. Samstundes er det like gale når USA "ikke gjør noe, men bare ser på". Det siste tiåret, etter kommunismens fall, har anti-amerikanismen teke til å breie seg i mange land, i media og i det såkalla akademia. Dei medverkande i denne protestalliansen har til felles at dei mislikar eller hatar USA ideologisk og det stormakta står for, anten dei tilhøyrer venstreradikale parti og grupperingar, det politisk aggressive islam, aktive terrornettverk, eller er blant dei politiske elitane i tidlegare kolonimakter som aldri heilt har villa godta "oppkomlingsnasjonen USA". Europa har hatt det godt under den amerikanske tryggingsparaplyen. Seksti år med fred, oppbygging, utvikling og kos. Visst har me betalt "vår del" av billetten gjennom NATO, men må vel kunne semjast om at me har kome rimeleg og greitt frå den rekninga.Dei totalitære kreftene i Europa har tapt i tur og orden: Fascismen, nasjonalsosialismen og kommunismen. Der USA, med alle sine lyte, har vore med og slåss, i smått eller stort, er det på sikt blitt meir demokrati. Den nye utfordringa for frie samfunn kjem frå den totalitære islamismen.

Fred og ro.

Tenkjer me i takksemd over dei (vestlege) verdiane me som nordmenn og europearar hittil har kunna nyte i fred og ro? Det dreiar seg om meir enn skjegg og bartar. Det dreier seg om å få lesa dei bøkene ein lystar, å skrive og seia høgt det ein meiner.Det dreier seg om å kunne få synge, danse, svømme, med eller utan klede. Eller å eta og drikke det ein likar. Det dreier seg om respekt for andre familiar, eigedom og levemåtar.

Den søkjande ånd.

Det har med den søkjande ånd å gjera; den kristen-jødiske arven og/eller eit humanistisk grunnsyn; det personlege valet; det frie livet; eit produktivt økonomisk system; velstand og velvære; demokrati og rettsstat; utdanning for alle; kamp mot fordommar; likestilling mellom kjønna; respekt for minoritetar; velferd for dei som treng det; fri presse og uavhengige media; vitskap innretta mot innovasjon og velstand; ny teknologi for å gjera dagsens strev lettare; kunstnarleg fridom og skapande prosessar - alt dette for å løfte kvardagen for innbyggjarane.

Reise og utforske.

Ja i staden for nei! Å reise fritt! Å samanlikne! Å utforske! Å gle seg høglydt!I dag kan alle menneske her i nord oppleva eit enormt mangfald i informasjon, kultur, musikk, dans, litteratur, teater og underhalding, og det på eit nivå som berre hundre år sidan var privilegium for konge og keisar! For ei utvikling!Takk til demokratiet! Takk til freden! Takk til USA!

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer