Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Mektig blad vernar legane

LOKK PÅ DEBATTEN. Det mektige Tidsskrift for Den norske lægeforening vert redigert etter prinsipp henta frå laugsvesenet: Vern om dine yrkesbrør.

TIL 20 000 LÆKJARAR OG: Legg lokk på den opne fagdebatten, særleg om den råkar dine næraste kollegaer eller dine eigne medarbeidarar. Tidsskrift for Den norske lægeforening vert sendt ut til 20 534 medlemar og vert lese av alle norske lækjarar. Det er i særklasse Noregs viktigaste formidlingkanal innan medisin. Men ansvarleg redaktør Charlotte Haug er ikkje medviten om ansvaret sitt.I fjor gav eg ut boka "Varsleren". Ho vart ei av dei mest omtalte sakprosabøkene i Noreg i fjor. Boka tek for seg ei rekkje sanksjonar som professor i barnemedisin, Ola Didrik Saugstad, vart utsett for etter at han varsla om at eit lite barn døydde ved Rikshospitalet. Barnet hadde vorte utsett for eit forskingsforsøk. Saugstad vart truga med søksmål, refsa av leiinga på Rikshospitalet og skulda for forskingsjuks.

Frikjent for alle skuldingar.

Etter nær ti år med kamp vart han frikjent for alle skuldingar av Forskingsdepartementet. Fylkeslegen fastslo at barnet ikkje burde ha vore utsett for forsøket.Det var professor Dag Bratlid som stod bak forskingsprosjektet. Den faglege garantisten var dåverande leiar for Barneavdelinga ved Rikshospitalet, Sverre Lie. Båe er faglege medarbeidarar i Tidsskrift for Den norske lægeforening (Lie fram til sist nyttårsskifte). Haug fann at ho måtte skrive ein leiar om boka. I den opplyste ho ikkje at dei to var faglege medarbeidarar i bladet. Ho fann heller ikkje synet til departementet, fylkeslegen eller den sakkunnige interessant. At eit barn hadde døydd, fekk òg liggje. Haug kunne derimot fortelje at det heile berre var ein debatt mellom "dyktige, sterke og stridbare personer: Ola Didrik Saugstad og Dag Bratlid".

Fjerna positiv artikkel.

Haugs syn stod i diametral motsetnad til ei melding som vart publisert på heimesidene til Legeforeningen. Der fekk norske barnelækjarar og medisinske forskarar ei varm tilråding om å lese boka. To dagar etter var meldinga fjerna frå heimesidene.Eg ringte personen som hadde skrive meldinga. Han fortalde at han vart beden om å fjerne meldinga av di det pediatriske miljøet i Noreg var så lite, og sidan boka kunne verke sårande på nestorane i faget. I ei e-postutveksling med underskrivne vedgjekk Haug, som òg er redaktør for nettsidene til Legeforeningen, at det var mot regelverket å fjerne tekstar som alt var publisert. Haug sa at ho skulle sjå nærare på saka. Månader har gått.

Redaktøren fekk reaksjonar.

To nummer etter at Haug hadde publisert sin fyrste leiar om boka, fann ho at ho måtte skrive ein til. Det synte seg at Haug hadde fått mange negative reaksjonar på den fyrste leiaren.Denne gongen var forklaringa hennar at boka eg hadde skrive, var eit umogleg prosjekt. Sanninga vil nemleg alltid vere relativ. "Innen filmkunsten har man sågar et eget uttrykk for dette: et Ranschomon play - personene som har vært gjennom samme forløp både oppfatter og fremstiller dette ulikt," skreiv ho. I same nummeret av tidsskriftet var det eit innlegg av Dag Bratlid. Der gjekk han til åtak på underskrivne. Eg fann å måtte svare. I svaret spurte eg òg Haug om det verkeleg var slik at ho redigerer lækjartidsskriftet etter eit relativistisk syn på vitskap.Eg tok òg opp påstanden om at saka kunne reduserast til ei konflikt mellom to "stridbare personer".Eit halvt år etter har Haug framleis ikkje svart på spørsmåla mine. Men saka stogga ikkje der. Då innlegget mitt kom på trykk, synte det seg at Bratlid hadde eit svar til meg i det same nummeret. Eg skreiv eit nytt innlegg. Det same gjentok seg. Bratlid hadde på ny eit svar i same nummer. Det synte seg òg at Sverre Lie hadde fått tilsendt mitt innlegg, også han hadde eit svar til underskrivne. Sjølv fekk eg aldri tilsendt åtaka retta mot meg.Eg fann den ulike handsaminga av ulike personar så underleg at eg ville skrive eit sluttinnlegg der eg fortalde om redigeringspraksisen til redaktør Haug. Eg synte òg til fjerninga av den positive meldinga frå nettsidene.

Underleg handsaming.

Seint i fjor haust fekk eg ein e-post frå tidsskriftet. Dei kunne fortelje at redaktøren ville vente med å setje innlegget mitt på trykk av di dei var usikre på korleis dei skulle handsame saka. Dei lova å kome attende med ei melding om kva som ville hende. Tre månader etter ventar eg framleis. Så vil kanskje nokon seie at ei anna handsaming kan ein ikkje vente å få frå ein redaktør av eit laugstidsskrift. Sosiologen C. Wright Mills har gjeve den klassiske definisjonen av eit laug: "Det er når rekkjene vert slutta på vegner av den middelmåtige."Tidsskriftet vert redigert etter Redaktørplakaten, påstår Legeforeningen. Det kan ikkje stemma.Lækjarar er ein av Norges mektigaste yrkesgrupper. Med makt må det fylgje innsyn.Redaktør Charlotte Haug har ikkje forstått det.

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer