Venstresidas debattdominans
Skribent Håvard Simensen kallar meg amatør i Aftenposten 27. februar. Fint, ein amatør er ein som likar godt det han driv med.
AV:
av
Publisert:
Oppdatert:
Sjølv ser han seg som ein profesjonell, for han får betaling for det han driv med. Ifølgje likningsprotokollane kan Håvard Simensen ikkje vera særleg profesjonell likevel.Som ein typisk verdirelativist er Simensen lei seg for at "multikulturalismen" er på retur som styringssignal. Mange er omsider glad for dette. Multikulti-ideologien som EU og andre organisasjonar sette i gang etter 1974 (som motyting for å få olje under den euro-arabiske dialogen). Å seia at alle kulturar er like gode og må "respekterast" i eit "fargerikt fellesskap", er eit sjølvbedrag. Det betyr å sjå mellom fingrane med den fælslege handsaminga som muslimske kvinner og jenteborn er utsette for rundt halve kloden. Simensen les mi bok "Amerika-brevet: Europa i fare" som eit visst vesen les Bibelen. Eg må ha råka ømme tær hjå ein truande venstreradikalar: Kritikk av fornektinga av terroren hos Stalin, Mao, Hoxha, Pol Pot; kvifor venstresida i dag omfamnar reaksjonære fascistiske regime i kampen mot det kapitalistiske og kristne Amerika; kunnskapsløysa om USA; korleis FN-systemet tener til å tyne Israel, draumen om 6-timarsdagen osv.Venstresida, med sitt debatt-hegemoni, blir ofte rasande når opposisjonelle aktørar kjem inn på arenaen. Den meiningsberande eliten på venstresida (3-4 % av folket) utøver ein praktisk meiningskontroll bak ein liberal fasade. Som eg seier: Venstresida skriv leiarartiklar og driv debatten. Høgresida skriv faktura og driv inkasso.Slikt blir det ikkje politisk balanse av. Som demokrat (?) burde vel Simensen vera glad for at fleire på høgresida tok seg tid til å delta i fredeleg meiningsbryting. Samstundes er det mogleg at han er vonbroten over at så mange framståande forfattarar og venstreideologar i Europa og USA har snudd og snur: Kombinasjonen av "dialog", snøgge demografiske endringar og militant islamisme er i sanning hard kost å fordøye for alle som vil ha eit berekraftig demokrati.
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer