Kvalitetsvern må til
Den norske Forfatterforening har dei siste vekene blitt stappa i tjære, rulla i fjør og skyssa ad undas med ord som "bakstreversk" og "sneversynt" etter seg. Det er no behov for å ta fjørene frå munnen og nyansera synet på dei mykje omtala - og skamlaust utskjelte - opptakskriteria i DnF.
AV:
av
eirik
ingebrigtsen,
forfattar
og
gerd
brantenberg,
forfattar
Publisert:
Oppdatert:
- La trollene sprekke i solen!
- Med trollsplint i øyet
- Oss fluer imellom
- Vitnesbyrd fra en smekket flue
- Vitnesbyrd fra fluen på veggen
- Om fysioterapeuter og Dag Solstads hår
- - Fikk en utlufting
- Hva er merkevarebygging?
- Posøren en perfekt merkevare
- Ikke bland kortene
- Kunst og merkevarebygging
- Slik bygger de kunsten sin
- Ingen over, ingen ved siden
Toril Brekke meiner at Det litterære Råds makt er problematisk, inntakskriteria for strenge og at dette forsurar miljøet i/utanfor DnF (Aftenposten 4.4.). Det var betre før, då nye medlemmar blei ønskt velkommen, samt at indignerte forfattarar som ikkje hadde fått utdelt stipend, tørte å seia dette frå talarstolen. Vårt inntrykk er at også dagens nykommarar blir tatt varmt i mot. Og vi saknar ikkje stipendindignasjon på individuelle vegner. Den er viktigare å ta kollektivt: Korleis bevara og auka stipendmidla også for framtida? Vi meiner Rådets arbeid for og med skjønnlitteraturen er viktigare enn nokon gong. Heldigvis er det DnFs medlemmar som bestemmer over sin eigen kunstnarorganisasjon. På vårt siste årsmøte slo medlemmane igjen fast det viktige ved rådets form og lesearbeid; eit råd som har i seg dei best kvalifiserte lesarane, og der bøkene gjennomgår kvalitative diskusjonar som ein ikkje finn i andre forum og spalter blant det nykvikke som har heimsøkt vårt land.
Aktiv kvalitetsleverandør.
Rådet fekk med seg eit nytt ord på arbeidsvegen vidare: Romslegheit. Det kan føra til at diskusjonane blir betre og lengre, eseløyrene blir fleire, forfattarhåret meir rufsete - samt at rådet kjem ut frå diskusjonen sikrare på at teksten, forfattaren, har i seg nok litterær kvalitet til at dei ser ein forfattar som er god i dag og som dei trur vil vera ein aktiv kvalitetsleverandør mange år og bøker fram i tid. Og dette er vesentleg: Medlemmane i DnF vil ha ei foreining der størstedelen av medlemmane er aktive forfattarar som kjempar forfattarsak. Dei vil ikkje at medlemskap, og med det stemmerett, blir delt ut til alle som har kome ut med ei einsleg bok, og som lever vidare i andre yrke med stabil årsinntekt. Kva om ni journalistar, tre brannmenn, åtte key accounting managers og ein ordførar, som alle ikkje nødvendigvis er aktivt skrivande med eit brennande engasjement rundt, og behov for, stabil normalkontrakt og stipend, stemmer mot den nyfattige poeten? Ein poet viss verk ein snart må ha nattkikkert og magasinnøkkel for å finna.Nei og ja.
Med rette ber Margaret Skjelbred unge forfattarar som får nei frå DnF om ikkje å gje opp skrivinga (Aftenposten 28.3.). Næringsdrivande forfattarar har alle ein sjelslyttande, kjenslevar skrivepost som registrerer ja og nei. Eit nei må nødvendigvis koma der kvalitet kontinuerleg blir prøvd: Nei til ein idé, prosjektet. Nei-skulder frå eit forlag. Nei og nei frå ein kritikar med lågt terningkast. Nei frå naboen som syns boka di er smal. Eller nei frå DnF som meiner teksten ikkje viser god nok litterær kvalitet. Dette er nei som stikk djupare enn at printeren er tom for blekk. Dei sit igjen i tanken lenge etter at ja har blitt tatt opp av forfattarkroppen.Bevaring.
Dei som ikkje kjem inn i DnF ved første forsøk, skal vita at forfattarkollegaer med verv i DnF legg eigne skriveprosjekt til side for å jobba for alle forfattarar sine kår. Ikkje-medlemmar kan få litteratur-juridisk rådføring hos DnF, samt søka stipend, på lik linje med medlemmar. Skjelbred etterlyser argument for korleis den litterære kvaliteten på norsk skjønnlitteratur kan heva seg av ei eksklusiv opptaksordning. Det gjer han mellom anna ved å unngå yrkesutvanninga ovanfor, der foreininga sprikar i ulike behovsretningar med svakare gjennomslagskraft. Det gjeld også å bevara krafta rådet har, med fare for at den blir stemt vekk til fordel for eit lesekorps i Kulturrådet som kanskje må ta på seg prikk like, lyseblåe "kultur"-lesebriller ein dag i framtida. Om ikkje dette er med på å heva nivået, så er det utvilsomt gjennom dette at det høge nivået blir bevart! Og vi har ei sterk og god kjensle av at verbet bevara ikkje er sneversynt og bakstreversk i denne vår nykvikke tid.Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer