Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Norads nye giv er gammalt nytt

Norads informasjonsdirektør, Eva Bratholm, skriv at min kritikk av pengebruk i bistanden er urimeleg. I ein kronikk i Aftenposten 25. juli tok eg utgangspunkt i fire eksempel frå tidsperioden 1982-1998.

Eva Bratholm skriv at desse eksempla er for gamle. Norsk bistand har endra seg etter dette. No er det ein ny giv.Det tvilar eg ikkje på. Det har vore ein ny giv i Norad fleire gonger før, med omorganisering, nye strategiar, nye mål og ny retorikk. Men i praksis er det like vanskeleg som før å bruka pengar som kjem utanfrå og ovanfrå på ein god måte i fattige land. Det er gjerne små pengar kombinert med lokal kompetanse som gjev resultat, medan store pengar lett vert kapra av lokale elitar.To eksempel på uheldig praksis: - Vi betaler løner til lokalt personell som ligg himmelhøgt over lokalt lønsnivå. - Ein altfor stor del av ressursane vert brukt i hovudstaden, der biltrafikken aukar eksplosivt, der det er byggeboom og der vaktselskap, restaurantar og hotell veks fram, medan lite når fram til periferien.Vår satsing på budsjettstøtte er også problematisk. Det er aldri lett å øyremerka budsjettpengar til gode føremål, heller ikkje i vårt eige land. Sterk budsjettauke og vår utviding av innsatsen til stadig fleire land gjer kontroll vanskelegare.Mine eksempel er kanskje gamle, men dei vert bekrefta av nye studiar frå ulike land. I eit veldokumentert essay i Foreign Affairs (1/2007) skriv Laurie Garrett om arbeidet til 60 000 AIDS-relaterte frivillige organisasjonar. Mykje av satsinga er mediedriven, og kvar einaste NGO skal markera seg. Dei må visa sin innsats og må rapportera heim om framgang i arbeidet. Dei overbyr kvarandre for å få tak i fagfolk, ofte frå eit offentleg helsevesen. Og via dette vert lokale fagfolk ofte rekrutterte til arbeid i Vesten. Laurie Garrett konkluderer med at det er "kaos, konkurranse, hjerneflukt og korrupsjon i altfor mange globale helseprogram. Milliardar burde kunne brukast betre".

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer