Ein urban arroganse
Bjørnedebatten. I Sverige har ein bjørn tatt livet av ein kar som kom for nære, og ein annan bjørn har rispa kraftig i eit par andre. Bjørnen har vist seg fram.
AV:
Publisert:
Oppdatert:
Og så er debatten i gang igjen. Frontane er faste, som dei lenge har vore. I Engerdal, Liene og Bortvekkifjell er folk urolege og redde, dei som ikkje er sinte.Men no er det gode råd å få. Om bjørnen skulle kome oss for nær, nærare enn vi likar, skal vi berre springe rundt i skogen og leike Lars Monsen. Så gode bjørneråd har ingen fått sidan Putte var i blåbærskogen.
Brei i smilet.
Den urbanarrogansen rovdyrvenene viser mot dyreeigarar, bønder og denslags folk, er like brei i smilet som han alltid har vore siste åra. Denne arrogansen er så demonstrativ at han ein dag kan tvinge fram ei rekning. Då blir det nok rovdyra som må betale for venene sine.Overgrep og maktløyse.
Om vi ser til substansen,og let bisarre innslag og debattform liggje, har saka ei svært viktig politisk, for ikkje å seie konstitusjonell side. Vi opplever overgrep og maktløyse, seier dei som har rovdyra rundt seg. Ikkje først og fremst frå rovdyra, men frå storsamfunnet, som dei til no har rekna seg som ein del av.Dei er ikkje sikre på at dei er det lenger. Samfunnet vil ikkje verne det som for dei er dyrebart, på mange plan, og dei får ikkje lov å verne det sjølv.Så er dei dømde til å finne dyra sine sundrivne, med tarmane ute og feber i augo, medan livsgrunnlaget sviktar.Gjort til fiendar.
Situasjonen har gjort storsamfunn, politi og rettsapparat til fiendar for folk som driv lovleg og nyttig næringsdrift. Slikt skal eit samfunn vere forsiktig med. Desse folka, kvar dei no bur, er skattebetalarar, dei røystar ved val, mange har gjort militærteneste, dei er gode yrkesfolk, dei står ikkje i strafferegisteret, dei er skikkelege folk.Og no vender altså storsamfunnet ryggen til dei. Dei blir utflirte på TV.Det er vondt å kalla dette anna enn overgrep.Lova i eigne hender.
Og det er å be folk om å ta lova i eigne hender, som vi veit at dei gjer. Å be folk om det, skal eit samfunn også vere forsiktig med. Eg er oppvaksen bak eit sauefjøs, og ber ikkje den minste tvil i mi sjel om at ulven skulle få bøte med livet om han kom sauene mine for nær.Så fekk rekninga frå storsamfunnet komme.Meir makt.
I Sverige har ulven byrja å ta dyre og fine jakthundar. Eigarane gret på TV. Då lever ulven farleg. Jakthundeigarar er mykje farlegare enn saueeigarar, dei har finare adresser og dei har meir politisk makt.Det veit nok ikkje ulven. Og i alle fall ikkje bjørnen. Han var den enkle i eventyra.Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer