Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Uforanderleg kritikk

Tidlegare student ved Forfattarstudiet i Bø, Leonard Ibsen, har sett i gang ein debatt om Forfattarstudiet i Bø i siste nr. av tidsskriftet "Prosa", med kortversjon trykt i Aftenposten den 22.10.

Der eksisterer naturleg nok mange myter om ei så ukonvensjonell og relativt ny utdanning som Forfattarstudiet i Bø. Dei fleste mytene er positive, men det finst også negative. Det som generelt har undra meg gjennom åra, er at den negative kritikken er så uforanderleg samtidig som den nesten aldri har vore tufta på research. Om kritikaren hadde snakka med tilsette eller oppsøkt høgskolens heimesider, ville han t.d. ha visst at målsetjinga med studiet ikkje er at studentane skal "finne si eiga stemme", som det gjerne heiter, men å gi dei høve til å avklare skrivetalentet sitt. Hadde ein teke kontakt med studiet, ville ein fått vite at der finst 25 tekstantologiar (antologien er del av eksamen) å lese for den som seriøst vil gjere seg opp ei meining om verksemda i Bø. Og viss ein hadde greidd å ha to tankar i hovudet samtidig, så ville ein truleg også skjønt at ansvaret for kven som debuterer i Norge, det kviler på forlaga og ikkje på forfattarstudiet i Bø. Sagt på ein annan måte: Forfattarstudiets kritikarar er sjøl ofte det beste eksempel på den impulskritikken som dei hevdar karakteriserer forfattarutdanningane våre.

Motstridande.

Det som undrar meg i den aktuelle situasjonen, er at "insideren" Leonard Ibsen vel å skrive som om han hadde ambisjonar om å rekne opp alle negative myter om Forfattarstudiet samtidig. Resultatet er då også blitt ei perlerekke av luftige og innbyrdes motstridande synspunkt, noe eg faktisk trur dei fleste lesarar vil oppdage. Fleire av påstandane er alt tilbakevist av m.a. tidlegare studentar, og det er liten grunn for meg å gå vidare inn på dette her. Meir hensiktsmessig synest det å vere om ein greidde å finne synspunkt hos Ibsen som det er verd å lytte til.Og rett skal vere rett. Trass i negativiteten, har han også eit poeng, eit viktig poeng. Og det er at eit eitt-årig forfattarstudium har for liten kapasitet til å kunne gjere ein så god jobb som eit forfattarstudium helst burde gjere. Forfattarstudiet har rammer som er utforma for ei begynnarutdanning, og er meint som eit tilbod til dei som søker ei avklaring på om dei vil skrive skjønnlitterært eller ikkje. Og sjøl om studiet (til overmål) har vist at det evnar å trekke til seg søkarar med talent og kunnskapar, så er skriveerfaringa til dei aller fleste av studentane avgrensa når dei kjem til oss, og dette legg sjølsagt føringar på korleis undervisninga kan leggast opp. Det studiet først og fremst kan tilby, er ein møtestad der ein kan treffe andre skrivande, både nybegynnarar og erfarne forfattarar, for såleis å kunne gjere seg opp ei sikrare meining om den eventuelle framtida si som skribent - skjønnlitterær forfattar eller ei.

For snever.

Sjøl om vi er godt fornøgd med dei resultata vi har oppnådd gjennom åra, ikkje minst når ein tek ressurstilgangen i betraktning, så har vi sjøl-sagt lenge vore klar over at ramma på eitt år er alt for snever. Den gir t.d. lite rom for å arbeide med manusutvikling i ei meir vidaregåande meining, og det er nok helst på denne bakgrunnen ein må sjå Leonard Ibsens frustrasjon. For å kunne arbeide med manusutvikling, måtte vi hatt minst eitt år i tillegg, og eit slikt påbyggingsår har saktens vore etterlyst både av studentar og andre. Vi har også vore klar over den risikoen som knyter seg til det å ha ei utdanning gåande for lenge på sparebluss, dvs. utan vidareutvikling. Danske og svenske forfattarutdanningar har for lengst oppretta 2-årige tilbod.

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer