TV2 kan nøre opp under jødehat
AV:
trond
bakkevig,
prost
brit
hagen
agøy,
leiar
i
mellomkyrkjeleg
råd
olav
fykse
tveit,
generalsekretær
i
mellomkyrkjeleg
råd
TV2 sendte nyleg ei framføring av Otto Jespersen av ein tekst som var direkte retta mot jødar, i Noreg og i Israel. Det er vanlegvis ikkje grunn til å la satire og ironi i humorprogram verte gjenstand for debatt. Då vert dei viktigare enn dei bør og skal vere. Det er likevel noko med dette programmet som gjer at TV2 og Jespersen bør revurdere kva dei har gjort, og sjå kva problem denne teksten skaper.
Vi kan ikkje godta at det vert legitimt å framføre sjikane mot sårbareminoritetar i Noreg, noko jødar diverre framleis er. At Jespersen i sjølve teksten nektar for at det er tilfelle at jødar er ei utsett og sårbar gruppe, gjer saka verre. Då fylgjer han og TV2 lite med.
Som kyrkje tek vi del i eit program for religionsdialog for fred, og der følgjer vi med på nedsetjande og usakleg omtale av religion og religiøse grupper i Israel og Palestina. Dei som vert angripe, vert så forsvart av andre enn sine eigne leiarar, enten det er jødar, muslimar eller kristne som vert utsett for noko. Eller det kan vere at religion vert brukt generelt for å nøre opp under konflikten. I førre veke var det ikkje mange slike tilfelle. Det som fekk all merksemd, var ei engelsk omsetjing av Jespersen si tekst, trykt i sentrale israelske aviser. Vi vert skamfulle av at dette framleis kan skje i det norske samfunnet.
Frykt.
I Noreg har jødar uttrykt at dei vert redde når dei høyrer ein slik tekst. Dei angrepa deira folk vart utsette for i Noreg, ikkje minst i det 20. hundreåret, oppsto i ein kultursituasjon der usaklege, sjikanerande omtalar og stereotypiar om jødar var vanlege, og vart framført meir eller mindre offentleg.
Med god grunn spør dei om det igjen skal verte greitt å trakke over dei grensene. Jespersen si tekst legitimerer usakleg debatt, og kan nøre opp under ulike åtak på jødar som gruppe. Det finst diverre menneske og grupper i det norske samfunnet som vil kunne få legitimert sitt jødehat ved at slikt som ein elles ikkje seier, vert framført som underhaldning. Jødiske barn vert redde. Dei må få sleppe å bli det av underhaldningsprogram på TV2. I ein internasjonal samanheng vert denne teksten oppfatta som rå og sjikanerande. Ramma som humorprogrammet gav den, er borte. Men teksten lever sitt liv vidare, og kan verte brukt av andre. Det må redaksjonen i TV2 ta ansvar for. Dersom teksten var meint å skulle ha ei slags politisk rolle, som ein satirisk og humoristisk tekst kan ha, er den feilslått.
Denne type kritikk gjer nok lite inntrykk på israelske styresmakter. Palestinarar vil ha seg fråbedt denne type støtte. Ein varig og rettferdig fred treng rom for seriøs og sakleg kritikk, både på israelsk og palestinsk side. Romet for sakleg debatt kan verte mindre med slike utspel som dette.
Vil ikke forby.
Vi treng ikkje latterleggjering av katastrofen Holocaust i Noreg, tvert imot. På vegne av kyrkja vil vi innstendig be om at ein ikkje igjen brukar referanse til kristendomen for å legitimere at ein kan herje med jødar. Det har tidlegare ført til pogromar mot jødar. Vi vil ikkje at ein skal forby slike ytringar. Men ein bør spørje seg sjølv kva dei kan brukast til av krefter ein ikkje rår med eller vil identifisere seg med.
Ein TV-stasjon bør skjøne at dei er del av ei medieverd utan landegrenser. Ytringsfridom skal brukast med klokskap og respekt, særleg overfor minoritetar.
Av: OLE CHRISTIAN KVARME,biskopTROND BAKKEVIG, prost
BRIT HAGEN AGØY, leiar i Mellomkyrkjeleg råd
OLAV FYKSE TVEIT, generalsekretær i Mellomkyrkjeleg råd
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer