Språk hindrar ikkje norsk film
I ein artikkel 31. juli tar Aftenposten opp kravet om at søknader om tilskot til filmproduksjon må være skrivne på norsk. Her tar redaksjonen dessverre utgangspunkt i feil føresetnader, og skriv at dette er ein regel Norsk filminstitutt (NFI) har innført 1. januar i år. Dette er ikkje riktig.
Det er departementet som fastsett regelverket for offentleg filmstøtte. Dagens regelverk er frå 2005, og krev at søknadspapira må vere på norsk. Hovudregelen er at også manus skal vere på norsk, mellom anna fordi vi nok må medgi at Norsk filminstitutt ikkje har like høg kompetanse til å vurdere det kunstnarelege nivået på alle europeiske språk. Men denne regelen kan vi fråvike dersom det er gode grunner til det, og det er sterke norske, kunstnarlege bidrag. For internasjonale samproduksjonar vil dette ofte vere tilfelle.
Prinsippet blir ført vidare i forskrifta som trer i kraft 1. januar 2010, og som har vore på høyring i den norske filmbransjen. Det er altså ingen ny og ukjend praksis vi akkurat har innført, og vi håpar den ikkje byr på altfor store problem for søkjarane. I dei høva det likevel oppstår, må NFI gjere sitt beste for at ikkje søknadssystemet skal bli til hinder for den gode, norske filmen.
NINA REFSETH
direktør, Norsk filminstitutt
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer