Tora Aaslands kjønnsfordomar
7. oktober skriv forskingsminister Tora Aasland: «Mange steder er det en machokultur der idealet er lange dager. Fra andre kunnskapsintensive yrker vet vi at utfordringen er å skape en god balanse mellom fritid og arbeide». Den første setninga må vera laga av vankunne og kjønnsfordomar. Ingen forskarar har som ideal lange dagar. Forskarar har mange ideal, som til dømes å finna sanning, laga teoretiske konstruksjonar, få ære og Nobelprisar og pengar. Men aldri lange dagar. Rett nok vert ofte dagane lange av di vi må fylla ut idiotiske administrative skjema. «Balanse mellom fritid og arbeide» har ikkje departementet greie på.
Dette gjeld like mykje kvinner som menn. Berre ein maternalistisk østrogenkultur kan meine at når ein jobbar lange dagar, er det macho. Og kor i det administrativt-departementale Helvetet har Aasland funne uttykket «kunnskapsintensive yrker»? Om ein forskar berre skulle vera kunnskapsintensiv, ville ho vera ein fiasko.
ARILD PEDERSEN
professor, Universitetet i Oslo
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer