Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Mytar om by og bygd

Byggjer mytar. Utgangspunktet til Knut Olav Åmås i kommentaren «Mytene om by og land» (Aftenposten 13. desember) er sympatisk: Kva gjer ein med folketalsnedgangen i bygde-Noreg? Målet til Åmås er å sprengje mytar. Eg er redd han byggjer nye.

Åmås etterlyser såkalla kompetansearbeidsplassar for høgare utdanna kvinner i distrikta, men har ein for enkel analyse av kvifor det skortar på slike. Det må satsast på næringslivet, hevdar han, men korleis? Svaret hans er ei allmenn oppmoding om å «sprenge jantetenkningen og småligheten som fortsatt har så gode levekår i norske lokalsamfunn». Utflytting av kompetansearbeidsplassar har Åmås mindre til overs for. Det er (per definisjon) smålege lokalsamfunn som sjølve har ansvar for hjerneflukt og kvinneunderskot.

Meklarrolle.

Men at det fyrst og fremst er jantelova som held høgare utdanna kvinner frå Distrikts-Noreg, er ein mytologiserande påstand. Like lite fruktbart er det å oversjå samanhengen mellom offentlege arbeidsplassar og privat bedriftsetablering. Åmås tek ei slags meklarrolle mellom by og land, men krev mykje av folk på «land»: At dei legg bort eit svært viktig verkemiddel for å få arbeid til høgare utdanna.

Åmås er heller ikkje blid på verkemidlet buplikt: Bygdefolk må skjøne at gardsbruk må omsetjast utan konsesjonskrav, «i stedet for å lulle seg inn i illusjoner om at de skal kunne forbli landbrukseiendommer... Det er bedre med lys i vinduene to dager i uken enn ingen dager, er det ikke?»

Svaret ville vore eit rungande ja om spørsmålet var relevant. Men her har Åmås lulla seg inn i ein illusjon (myte?) om at «to dager i uken» er det einaste alternativet til «ingen dager». Det er ingenting som tyder på mangel på kjøparar til konsesjonspliktige gardsbruk i småbygde-Noreg, heller tvert om, og ingenting tyder på at å kutte buplikt for å tilretteleggje for turistar vil stogge folketalsnedgangen som Åmås peikar på.

Åmås siste sprengladning gjeld «glansbildene» frå bygda: «Idylliseringen av de tette båndene og gjennomsiktigheten i små samfunn er kanskje trukket for langt?» spør han. Sjølv spør eg: Lever ikkje eg og Åmås i den same offentlegheita?

Smålege.

Me gjer då det. Me lever i ei offentlegheit som peprar oss med informasjon om kor feite, uføretrygda, lågtutdanna og ikkje minst smålege folk på bygda er jamført med byfolk. Kven er det som no for tida offentleg argumenterer for at det generelt sett er betre å bu på bygda enn i byen? Kven er alle desse som stadig driv langttrukket idyllisering av gjennomsynlege samfunn?

Mytane om det gode livet på landet er for lengst sprengde. Til neste gong: Kva med eit kritisk blikk på dyrkinga av mytane om bygdejantelov og bygdesmålegheit?

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer