Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Mistillit ved Det Norske Teatret

Ute av kontroll. På årsmøte etter årsmøte har styreleiar Magnus Rindal i Det Norske Teatret forsikra om at ein har hatt full kontroll med økonomien. Så blir det likevel i siste halvdel av 2008 klart at situasjonen er ute av kontroll. Ein må skjære ned staben med 18 årsverk og skjerpe innteningsprofilen.

Gjer styret dette til sitt ansvar? Nei, det er dei tilsette som må ta støyten for styrets manglande styring. Etter at ein nytilsett teatersjef har trekt seg, vel ein hausten 2009 å lyse ut stillinga på ny. Styreleiar og tre andre styremedlemmer trer i aksjon. Med eit så smalt tilsetjingsutval er det heilt avgjerande å få til ein god dialog med dei tilsette.

Men utvalet signaliserer frå første stund at dei vil «halde korta tett inntil brystet» for å unngå spekulasjonar. Verkeleg ei sjølvmotseiing. Lukka prosessar opnar for misbruk av makt.

Ikkje høyrd.

Det kunstnarlege personalet bad fleire gonger om at to kandidatar, i tillegg til dei utvalet sjølv hadde peikt på, måtte gå vidare i prosessen. Vi vart ikkje høyrde, ikkje eingong av vår eigen representant i utvalet, det skapte sjølvsagt frustrasjon. Tilsetjingsutvalet tok òg kontakt med kandidatar som ikkje hadde søkt, og ein av dei vart til slutt tilsett. Slik må eit tilsetjingsutval kunne arbeide.

Men det utløyste stor misnøye da mellom anna ein framståande sceneinstruktør vart møtt med heilt ukjende og insinuerande vilkår for tilsetjing: «...den situasjonen teatret no er i, krev at ein ny sjef i den første delen av åremålet ikkje prioriterer sine eigne yrkesambisjonar, heiter det plutseleg. Etter denne introduksjonen vart vedkommande sjølvsagt aldri kandidat.

Dei vanlege prosedyrane ved tilsetjing av teatersjef på Det Norske Teatret har vore breie høyringsrundar med kandidatane, og innstillingar frå dei ulike faggruppene. Slik var det både da Otto Homlung vart tilsett i 1989 og da Vidar Sandem vart tilsett i 1996. Rindal og styret har innført eit brot på denne gode tradisjonen.

Open meiningsutveksling.

I den situasjonen Det Norske Teatret var kommen, burde det vere opplagt for styret å skape tillit og å få til open meiningsutveksling. Når tilsetjingsutvalet tvert om hindrar at ulike syn på teatret si framtid fritt får kome til uttrykk, gjennom ulike kandidatar, må ein verkeleg ha lov til å spørje om grunnen.

Vi ville ha ein open diskusjon, det var tilsetjingsutvalet med styreleiar Rindal i spissen som skapte støy og mistillit med sin motstand. Styret har ikkje makta å gjenopprette tilliten.

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer