Ein urett mot dei farlause borna
Kvart år vert det fødd born i Noreg som ikkje får far.
AV:
vårin
jarnæss
kari
de
la
cour
seniorrådgjevarar,
Barne-,
ungdoms-
og
familiedirektoratet
Det er det offentlege si plikt å fastsetja farskap. Retten til å kjenna sitt biologiske opphav fylgjer av norsk lovgjeving og internasjonale konvensjonar.
Plikt til å opgi.
I rundskriv om farskap står det: «Barnets mor har i henhold til barneloven en plikt til å oppgi hvem hun mener kan være far til barnet. Opplysningsplikten er imidlertid ikke knyttet til strafferettslige eller økonomiske sanksjoner.
Dette medfører at barnets mor i realiteten kan velge å ikke opplyse hvem som er eller kan være far til barnet.»
Vi tenkjer at dei aller fleste mødre veit kven som er eller kan vera far til barnet deira. Ei mor kan ha personlege grunnar til å vilja sleppa å oppgje kven som er far. Kanskje har kjærleiken teke slutt, kanskje kjenner ho seg svikta eller mor og far har andre partnarar kvar for seg. Det kan òg vera at foreldra har avtala seg i mellom at far skal vera ukjend.
Eigne interesser til side.
Men er dette gode nok grunnar til å ta frå barnet retten til å få vita om kven som er den biologiske faren? Må ikkje både styresmakter og foreldre sikra barnet denne retten så langt råd er, sjølv om det inneber at foreldra må setja eigne interesser til side?
Etter norsk lov har både mor og det offentlege plikt til å syta for at barnet får sin rette far. Spørsmålet er om denne plikta i tilstrekkeleg grad vert oppfylt. Det offentlege si hovedsak skal vera omsynet til barnet. Når det i rundskriv om farskap står at mor i realiteten kan velja ikkje å oppgje kven som er far til barnet, kan det tykkjast som om styresmaktene har gjeve opp på førehand.
Urett mot barnet.
I Noreg har vi ikkje offisiell statistikk over talet på registrerte fødselsmeldingar der far ikkje er opplyst. Heller ikkje har vi statistikk over kor mange saker det er som vert avslutta med fastsetjing av farskap og kor mange det er som vert bortlagde. At farskapet ikkje vert fastsett, er slik vi ser det, ein urett mot barnet. Ein annan viktig konsekvens er at mange menn ikkje får høve til å vera far.
Dei pågåande debattane om søkjing etter biologisk opphav og menns ynskje om å finna sin nye farsrolle, vitnar om det store behovet for å få gode ordningar der plikta til farskapsfastsetjing vert teken på alvor.
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer