Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Dyrt ikkje å bygge for framtida

Kvar gong det kjem nye krav til bygg, åtvarar nokon om kostnadene.

Administrerande direktør Baard Shumann i Selvaag Bolig skriv i Aftenposten 18. februar at det vil bli «vanskeligere for unge, enslige og andre grupper med lav inntekt å komme inn på nyboligmarkedet». Han hevdar at nye krav aukar byggjekostnadane for ein liten bustad med meir enn 200000 kroner.

Shumann har eit snevert perspektiv, men eit romsleg reknestykke, viss det er dei varsla krava om universell utforming og dei nye energikrava i byggjeføresegnene han siktar til.

Etterspør heis.

Berekningar me har viser at for ei typisk blokkleilegheit på 70 kvadratmeter kan universell utforming koste opp mot 100000 kroner ekstra. Ein stor del er kostnad til heis som kanskje uansett hadde blitt installert. Undersøkingar me har gjort viser at byggjemarknaden allereie har tatt høgde for desse kostnadene fordi bustadkjøparane etterspør heis.

Oppgradering av same bustad til full passivhus-standard, som inneber langt høgre krav enn dei som no kjem, vil liggje klårt under 100000 kroner i auka kostnader.

Opp til marknaden.

Så er det opp til marknaden å avgjere kva kjøparen må betale for ein bustad. Eg trur kvar bustaden blir bygd kan påverke prisen langt meir enn nye krav.

Men viktigast: Shumann overser at universell utforming vil gi betre tilgjenge og likestilling mellom alle grupper menneske. Det blir færre heimeulukker og bustadene vil vere tilpassa lange livsløp. Det vil spare samfunnet for store ressursar om fleire eldre kan bu og klare seg i sin eigen heim.

Også energikrava har ei pluss-side i rekneskapen for den enkelte i tillegg til å redusere klimautsleppa frå byggsektoren. Oppvarminga kostar mindre. Også det tener den enkelte og samfunnet.

Generasjonar.

Dei bustadane vi byggjer i dag skal vere heimen til mange generasjonar. Vi må byggje for framtida. Dessutan: Nye bustader utgjer mindre enn ein prosent av den samla bustadmassen. Dei som skal etablere seg vil fyrst og fremst orientere seg mot bustader som for lengst er bygd.

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer