-
FOTO: Magnus Knutsen Bjørke
Stor ståhei for ingenting?
Gjenvinning er ei avsporing frå dei miljøproblema vi faktisk har.
AV: annegrete bruvoll
Alle miljøreguleringar bør ta utgangspunkt i definerte problem, deretter bør ein vurdere kva verkemiddel som løyser disse på beste måten. Når det gjeld gjenvinning av avfall ser det ut som ein har starta i motsett ende. Gjenvinning er blitt eit mål i seg sjølv, medan miljøverknadane er høgst uklare.
Den samla gjenvinninga i Norge skal opp i 80 prosent, men kvifor er det eit mål i seg sjølv? Det kan ikkje vere forureining frå avfallsbehandling som er grunnen. Utsleppa frå forbrenning og deponering av avfall er bortimot eliminerte for nesten alle utsleppa, og resten utgjer stort sett under ein prosent av dei samla norske forureiningane.
Der forureininga skjer
Skal utsleppa av dioksinar og bly mm. ned, bør tiltaka rettast mot prosessindustrien, transportsektoren og dei andre kjeldene der forureininga faktisk skjer. Der ville tiltak gje reelle effektar. Vi har eit apparat av utsleppsavgifter og reinsekrav som er konstruerte nettopp for å ivareta slike miljøproblem. Det samfunnsøkonomisk og miljømessig mest fornuftige er å stramme disse til, og så får gjenvinninga bli som den blir.
Plastgjenvinning.
Likevel er utsleppa i fokus for til dømes plastgjenvinning. Materialgjenvinning gir mindre utslepp enn om ein brukar nye materiale, blir det hevda. Kostnadane ved å få ned klimautsleppa er det store hinderet i klimapolitikken, og det blir lagt stor vekt på å satse på dei tiltaka som gir størst effektar pr. krone. Effektane samsvarer dårleg med kostnadane knytta til auka avfallsgebyr, trengsel i kjøkenbenken og tidsbruk til sorteringa.
Skal ein ta avfallsbransjens anslag alvorleg, kan hushaldningane bidra med å redusere klimautsleppa med 0,2 prosent, om dei legg seg i selen og gjenvinner all plasten. Dette står i sterk kontrast til det som i avfallsbransjen blir omtala som eit viktig bidrag til framtidige generasjonar.
Ein annan påstand er at gjenvinning reduserer uttaket av naturressursar. I såfall er det to spørsmål ein burde stille før ein set sorteringsordningane ut i livet.
Kva naturressursar?
For det første: Kva naturressursar vil ein spare? For materialgjenvinning av papir må svaret vere skog, og plast er laga av olje. Ein eigen politikk for å spare disse naturressursane står i direkte kontrast til den faktiske utviklinga og uttalte politikken. Vi har meir enn dobla volumet av ståande skog sidan 1925, og styresmaktene er opptekne av gode rammevilkår for både skogbruk og treforedlingsindustri for å sikre aktivitet i næringane.
Sårbare naturområde
I oljepolitikken er ein opptekne av spesielt sårbare naturområde. Slike omsyn er ein del av vurderingane ved nye oljefelt. Men det er semje om at sjølve uttaket av olje og gass er eit gode for nasjonen. Det finst heller ingen klare grunnar til å hevde at oljeuttaket er for stort når ein studerer oljemarknaden i lys av muleg marknadssvikt. Tvert i mot er OPECs oljekartell eit argument for at prisen er for høg og utvinningstakta i oljemarknaden for låg. Den same eksersisen kan ein gjere med dei andre avfallstypane – glas, til dømes, er laga av stein – er det eit mål å spare på stein som ressurs? Svaret på kva naturressursar ein ynskjer å spare er alt anna enn avklart.
Mest effektivt
For det andre må ein, om ein har bestemt seg for å spare ein naturressurs, vurdere korleis ein gjer dette mest effektivt. Sana Hasane og eg har berekna at vi kan spare eit oljeuttak som tilsvarer maks 0,4 promille av det faktiske oljeuttaket med dagens gjenvinning av plast. Då har styresmaktene to verkemiddel og må spørje seg kva som er billigast og mest treffsikkert: Enten kan ein setje i gang omfattande kjeldesortering i heimar og avfallsanlegg, frakt til Tyskland og omforming til plast – eller ein kan stoppe oljetappinga tre–fire timar i løpet av eit år.
Eit standardsvar folk på gata gir på kva dei gjer for klimaet, er at dei sorterer søppel. Effektane av søppelsorteringa er neppe i samsvar med det folk forventar. Miljømotivasjonen i bedrifter og hushaldningar er styrt inn mot handlingar med effektar som knapt nok er målbare.
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer