Mest delt
Brukte millioner på å rydde etter romfolk
Fabian Stang vil gi 1 milliard kroner til romfolk - i Romania
Disse elektriske arbeidene bør du ikke gjøre selv
Gutt (16) ble nektet pledd på Norwegian-tur over Atlanteren
-
Brennpunkt-programmet Hjertelotteri fremstilte et forskningsprosjekt som loddtrekning om livreddende behandling. Nå er forskningsprosjektet utropt til et av to viktigste i verden innen feltet gjenopplivning.FOTO: KNUT G BJERVA
Forskingsetisk vaktbikkje
Forsking og forskingsetikk er komplisert. Nok ein gong har media felt ein kjapp dom. Å bli skulda for uetisk forsking er svært tungt.
AV: reidun førde
Gjenoppliving. Aftenposten refererte nyleg ei lita NTB-melding: Dobbelt så mange overlever hjertestans i Oslo. Meldinga viste til to forskingsprosjekt ved Oslo Universitetssjukehus utpeika til verdas to viktigaste dei siste fem åra innan feltet gjenoppliving.
Eit Brennpunkt-program, «Hjertelotteriet», frå 2008 dukka då opp i minnet. Programmet kritiserte skarpt eit forskingsprosjekt på gjenoppliving med og utan bruk av adrenalin intravenøst, ein alternativ metode for livredding. Dette var eit av dei prosjekta som NTB-meldinga omtala.
Einsidig og forførande
Eg opplevde programmet som einsidig og forførande. Det starta med opprørte pårørande ved ei gravstøtte. Dei hadde i ettertid hadde fått vite at deira kjære hadde vore med i eit forskingsprosjekt. Forskarane blei framstilt som cowboyar, som etisk ureflekterte, og den nye behandlinga som eksperimentering med menneskeliv. Loddtrekning avgjorde liv og død.
Dette er sterk kost om det var sant! Sterk kost må aksepterast om det som ikkje tåler dagens lys! Men media må operere innanfor etiske grenser. Kringkastingsrådet uttala at programmet var innafor desse grensene. Det er eg ueinig i.
Ta vare på tillit
Medisinsk forsking er i dag regulert av forskingsetiske komitear. Folk skal kunne lite på at den forskinga dei blir inkludert i, er etisk akseptabel. Det er forskarane og forskingsetikken si fremste plikt å ta vare på tillit til forsking. Effektiv behandling kviler på forsking og på bidrag frå tidlegare pasientar. Forsking er nødvendig for å forkaste behandling som er unyttig og kanskje til og med skadeleg. Når tillita til forsking lir, går viljen til å delta i forsking ned. Då taper vi alle.
Ufullstendig kunnskap
Mykje medisinsk praksis bygger på ufullstendig kunnskap, også i akuttmedisinen. Tidlegare er pasientar prøvd gjenoppliva med uverksame og skadelege metodar. Standardmetode for gjenoppliving har vore nesten uendra sidan 60-talet.
Samanlikna
I all god forsking må ny behandling samanliknast med gammal. Det må vere tilfeldig kven som får gamal og ny behandling. Bevisstlause pasientar kan ikkje gi informert samtykke. Det må i tilfelle innhentast i ettertid, men når ni av ti pasientar døyr, seier det seg sjølv at dette er vanskeleg.
Forskingsetisk komité hadde akseptert at etterlatne til døde pasientar ikkje blei informert om at dei hadde vore i ein studie. Dette var ikkje eksperimentell behandling: Svenskane hadde alt innført som standardbehandling det som her blei prøvd ut.
Uvitande etterlatne
I ettertid kan ein hevde at dei etterlatne burde vore informert om studien. Uvitande etterlatne som såg dette programmet må ha komme i tvil om deira kjære kunne levd. Det er ei tung bør å bere. Det fins ingen haldepunkt for å hevde at pasientane var utsett for ekstra risiko. Resultata har seinare stadfesta dette. Brennpunkt hevdar det motsette. På deira nettsider sto det: «Hjerterått dødsspill. Ambulansene i Oslo kan redde liv ved hjertestans, men bare dersom du er den heldige som vinner i loddtrekkingen om livreddende behandling».
Ein kjapp dom
Forsking og forskingsetikk er komplisert. Nok ein gong har media felt ein kjapp dom. Å bli skulda for uetisk forsking er svært tungt. Helsetilsynet har funne at prosjektet var fagleg forsvarleg, og uavhengige ekspertar har konkludert at forskinga var nødvendig, god og etisk akseptabel.
Brennpunktprogrammet framstilte eit forskingsprosjekt som trua liv og helse! Når dei i tillegg brukte dramaturgi med sterke kjensler rundt sorg og skuld, er det grunn til å vere kritisk.
Feil grunnlag
Tillit til forsking har blitt undergrave på feil grunnlag. Medieoppslaget burde ha vore: Akuttmedisinsk behandling basert på for dårlig vitskaplig grunnlag tar mange liv årlig. Dette hadde vore sant! Medisinen er alltid undervegs og forsking er nødvendig. Her må medisin og samfunn stå saman. Media skal vere vaktbikkje. Men oppslag som er einsidige og tendensiøse, er ingen tente med.
Tapet av tillit til media er stort for oss som vil ha media som ei seriøs vaktbikkje.
Kommentarer
Siste fra seksjon
-
Jumbo i tannhelsehjelp
Norge er alene i Skandinavia om ikke å gi offentlig støtte ved alminnelig tannbehandling.
18 juni 2013 16:20
Flere bilder
Reidun Førde.
Mest lest meninger
Spetalen: Vås om utdanning
Økt satsing på utdannelse ville med stor sannsynlighet skape større avkastning for Norge enn enda mer spekulasjon på børsene.
«Du er en kvinnelig flodhest på størrelse med en traktor»
Fedme er mangel på kontroll, og det kritiske lyset på kvinnen er mye sterkere enn på mannen, skriver Hege Gade, Phd-stipendiat i psykologi.
Mest kommentert siste døgn