Utskrift er sponset av InkClub InkClub
  • FOTO: Richardsen, Tor

Bærumsaka - ei mediesak

- Bærumsaka er ti år gammal og avslutta som sak i norsk helsevesen, no er den ei mediesak.

ANDREAS SKARTVEIT

FOTO: Hauge, Jon

Dødshjelp. Bærumsaka er ti år gammal og avslutta som sak i norsk helsevesen. I samband med utgjevinga av Anne Alviks bok, Min side av saken, har saka atter dukka opp i media, som mediesak. Og det er det Bærumsaka no er, ei mediesak.

Substansen i saka, aktiv dødshjelp ved Bærum sjukehus og inhabilitet i helsetilsynet vart fjerna av Riksadvokaten og lovavdelinga i Justisdepartementet. Att står ei omdiskutert åtvaring til overlege Stig Ottesen frå Helsetilsynet. Denne åtvaringa har no åleine fått eit stort medielass å dra.

Ber om tilgjeving

Det nye i denne mediesaka er at ein del av kronvitna då saka gjekk, har meldt seg med sin offentlege anger for det dei gjorde. Inge Lønning og Olav Gunnar Ballo, stortingspresidentar, og Jan Helge Solbakk, etikkprofessor, bed Ottesen og Alvik om tilgjeving for det dei var med på, samtidig som dei kjem med harsk kritikk av medias framferd i saka. Det er ein kritikk som først og fremst råkar Aftenposten.

Dette er noko eg aldri kan minnast å ha sett maken til. At reven, medieofferet, jamrar seg under revejakta, er nok vanleg. Det har nok reven alltid gjort, om nokon bryr seg om å høyre. Men no er det jaktbikkjene, som jegaren slepte laus, som klagar seg, og som glefser og ropar stygge ting mot jegaren. Dei erkjenner si skuld, men dei meiner at jegaren også må ta sin del av skulda for at jakta vart så stygg og lagnadstung for revane. Det var han som sette det heile i gang.

Eg har hatt ein korrespondanse med sjefredaktør Hilde Haugsgjerd om dette, der eg har etterlyst Aftenpostens reaksjon på desse tilbakemeldingane.

Makt og sjølvforståing

Ein del av svaret hennar er så interessant at det bør komme vidare. Det har å gjere med makt og sjølvforståing. Ho skriv:

«Du refererer til aktører som nå har revurdert og beklaget uttalelser som for 10 år siden bl.a. ble gjengitt i Aftenposten. Dette dreier seg om personer, som i kraft av sine posisjoner og/eller kompetanse, måtte kunne forventes å ha satt seg inn i saken, visste å ta de riktige forbehold og gi gjennomtenkte uttalelser til Aftenposten.»

Dette er ei fråsegn som er oppsiktsvekkjande, tankevekkjande og urovekkjande. Angeren og kritikken frå stortingspresidentane og etikkprofessoren er utan interesse. Dei har seg sjølv å takke. Dei let seg intervjue, dei slukte agnet med søkke og snøre, gjekk i fella, på limpinnen og i baret, og hamna på glattisen, Her er språket rikt. At dei angrar, er ikkje Aftenpostens sak.

Bikkjene får svare for seg. Jegaren, som inviterte til jakta, vil ikkje ha noko ansvar.

Ansvar for intervjuobjekta

I mi tid i NRK, for lenge sidan, vart vi innprenta at vi hadde ansvar for intervjuobjekta våre. Å føre dei i ulukka var kritikkverdig. Hende det, måtte vi stå til ansvar.

Det ansvaret skriv Hilde Haugsgjerd, sjefredaktør i vår største avis, frå seg. Det ansvaret vil ho ikkje ha.

Det går an å prøve ein annan tanke, som viser alvoret i hennar fråsegn. Det var svært ressurssterke folk, røynde medieaktørar, som Aftenpostens revejakt enda gale for. No sit dei med svart samvit og kjenner seg lurte.

Viser ikkje det kva enorm makt eit stort medium har når dei vrir og driv ei sak? Ingen kan stå imot, ikkje eingong garva samfunnstoppar. Reven er sjølvsagt sjanselaus, han brukar å vere det. Men også folk flest er sjanselause når media driv, når ikkje eingong storkultane greidde å stå imot og kome frå det utan skam.

Vil ikkje Hilde Haugsgjerd vedkjenne seg denne makta?

Det var noko slikt dei tre angrande syndarane prøvde å formidle til Aftenposten og dagens leiing der.

Einsidig kjeldebruk

Det hadde vore godt om vi kunne stole på Aftenposten, både intervjuobjekt og lesarar, at ikkje avisa har einsidig kjeldebruk og skjult agenda, og lurer folk ut i uføre, slik dei tre angrande syndarane meiner det skjedde i Bærumsaka. Det er for lettvint å avvise kritikken frå desse konvertittane. Dei er like tunge samfunnsaktørar i dag , og like godt eller dårleg informerte, som dei var då Aftenposten henta dei inn som jaktbikkjer i revejakta si. Men no har dei meldt seg sjølv. Og dei er kanskje blitt litt klokare enn dei var, ein dyrekjøpt klokskap ved å ha vore med på ei stygg mediejakt.

Det er ein lærdom Aftenposten framleis ikkje ser ut til å ha fått med seg.

Det er synd. Bærumsaka kosta så mykje for så mange at også Aftenposten burde hatt noko att for henne, ein klokskap som kunne kome til nytte neste gong jakthornet gjalla.

Les også

Kommentarer

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Siste fra BT

Siste fra Adressa

Siste fra fevennen

Siste fra aftenbladet

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer