-
Hausten 2009 gjekk 37 kunstnarorganisasjonar saman om oppropet «Dele, ikke stjele». At så mange samla seg om eit opprop for ny kulturpolitikk for nettområdet var noko nytt, også i europeisk samanheng, skriv Ragnar Bjerkreim.FOTO: TOR G. STENERSEN
Ny kulturpolitikk
BETRE KÅR. Tida er inne for å modernisera kultur- og kunstnarpolitikken. Kunstnarane må få betre kår og kampen mot ulovleg fildeling må styrkas.
AV: ragnar bjerkreim
FOTO: Johannessen, Gitte
Kunstnarane har over lang tid vorte nedprioriterte, og heng etter på område som pensjon, kunstnar-AFP, fødselspengar, skatt, moms og sjukeløn. Det er få kunstnarar som kan leva av verksinntektene sine frå dei er 30 til 70 år. Den raudgrøne regjeringa har dei siste åra auka løyvingane til institusjonkulturen. Nå må Regjeringa styrkja rettane og arbeidsvillkåra til frilanskunstnarane.
Normalisert arbeidsliv.
Arbeidslivet i Noreg er organisert rundt arbeidstakarar i faste stillingar. I dag er det fleire som vel å arbeida som gündarar og frilansarar. Norske frilanskunstnarar sine sosiale rettar er dårlege samanlikna med arbeidstakarar i faste stillingar.
Norske kunstnarar med topp kvalitet slit med å få økonomien til å gå rundt. Dersom styresmaktene kan gje kunstnarane dei same velferdsordningane som andre yrkesgrupper har, kunne mange av oss ha eit meir normalisert arbeidliv. Skal ein rekruttera nye kunstnarar, betre kjønnsbalansen, sikra integrering i kulturlivet og heva kvaliteten, må reglane for pensjon, fødselpengar, sjukelønnsordning, skatt og moms endrast for vår gruppe.
Ny politikk.
Har Regjeringa brukt kulturløftet for å dekkja over piratsituasjonen og frilanskustnarane sine manglande rettar? Mange har dei siste fem åra opplevd ei dramatisk nedgang i inntekter på grunn av av ulovleg fildeling.
Det bør etter mitt syn nedsetjast eit breidt samansett utval som ser på ein ny kunstnarpolitikk. Ein bør vurdera områder som skatt, avgifter, helse, næringsaspekt og forbrukarinteresser, nett og piratsituasjonen ved kunstnarane og kulturprodusentane si verksemd. Store delar av kunstnar og kulturpolitkken ligg i nærings-, justis- og finansdepartementet.
Innspel.
Kulturdebatten dreiar seg ofte om auka løyvingar. Ein moderne kulturpolikk må setja sterkare fokus på aspekt som verdiskaping, eksport, betre sosiale rettar, og endra skatt og avgifter. Vi krev ikkje nødvendigvis meir direkte overføringar til kunstnarane, men ulike tiltak og ein ny internettpolitikk.
Kunstnarorganisasjonane har ikkje alltid vore dyktige nok med innspel om kunstnarpolitikken. Politiske redaksjonar fokuserar sjeldan på kunst og kultur, og kulturredaksjonane er altfor ofte opphengde i Oslo og kjendisar. Hausten 2009 gjekk 37 kunstnarorganisasjonar saman om oppropet «Dele, ikke stjele». 2500 aktører ba dei politiske partia klargjera standpunkta sine om fildeling før valet. At så mange samla seg om eit opprop for ny kulturpolitikk for nettområdet var noko nytt, også i europeisk samanheng.
Regjeringa har i ettertid nedsett eit høyringsutval som ser på desse spørsmåla. Arbeidet går etter mitt syn for seint, og kunstnarane er ikkje medlemmar i utvalet. Musikklivet tapte også i to rettsinnstandar mot Telenor, der vi bad selskapet om å blokkera tilgangen til The Pirate Bay.
Livsnerver.
I samband med stortingsvalet 2009 opna Venstre, SV og Rødt for fri fildeling i sine partiprogram. Desse partia gjekk kraftig tilbake ved valet for eitt år sidan. Mitt inntrykk er at mange i kulturlivet som tradisjonelt har sympatisert med desse partia stemte på andre parti på grunn av deira uklåre formuleringar i fildelingsspørsmålet. For fyrste gong på mange år var det eit snev av eit kulturpolitisk emne ved eit val.
Åndsverksarbeidarar vert sjeldan lytta til av styresmaktene, noko som har vist seg i ordskiftet om fildeling og anna kulturpolitikk. Samfunnet treng kunstnarar på høgt nivå som livsnerver i kultur og samfunnsliv. Kunstnarar er ei viktig immateriell stemme i eit samfunn som i aukande grad vert innretta etter materielle verdiar.
Les også
Siste fra seksjon
-
Til ære for norske jøder
Forslag. Norske jøder bør få en plass i Oslo. Men ikke slik Jan Erik Vold og Jahn Otto Johansen tenker den.
10 februar 2012 20:41

Kommentarer