-
Ligger Lillehammer kunstmuseum på eller i Lillehammer?FOTO: FARKIVODD STEINAR TØLLEFSEN/SCANPIX
I eller på? Eller omvendt?
Å dra til ein stad er greitt, men å vera der kan vere ugreitt, særleg når ein ikkje veit om ein er på eller i staden, grenda, byen eller bygda.
AV: liv marie schou
Preposisjon. Eg bur i Drammen, vi er i Oslo, i Stavanger, i Bergen og i Trondheim, men på Kongsberg. Eller er vi ikkje det? Kan vi vera i Kongsberg også? Det kling slett ikkje dårleg, å vera både på og i Kongsberg, men kva skal eigentleg brukast? Å dra til og frå er uproblematisk i preposisjonsretninga, men meir preposisjonskomplisert er det fysisk å opphalde seg ein stad, å vera ein stad.
I byen og på bygda?
Vi som bur i Drammen, seier i Drammen, det heiter ikkje på Drammen, like fullt som det heiter i Tromsø, og ikkje på Tromsø. Kan dette ha noko med by og bygd å gjera? At vi er i byen, men på bygda? Altså i Kristiansand, men på Vinstra. Dette kan gå greitt heilt til vi tek toget frå Kristiansand, eller Vinstra, og går av i Asker. Men da stussar vi, for Asker er da ikkje by, det er ei bygd, og da skulle vi ha sagt på Asker, for å følgje preposisjonsbruken på om bygda, viss det er regelen. Nytt preposisjonsval får vi om vi vel å ta toget vidare etter Asker og gå av i eller på Kongsberg, og dermed glepp by- og bygdproblematikken i preposisjonsvalet taket, eg har høyrt brukt båe delar, folk er som sagt både på og i når dei er i Sølvgruvebyen.
«Heiter det på eller i?» er ofte spørsmålet som melder seg når folk skal fortelje kvar dei har vore, skal eller er. Det å vera ein stad er slett ikkje enkelt, i alle fall ikkje når ein ikkje er sikker på om ein er i eller på, etter å ha drege frå eller til, og ikkje er frå staden. Er det noko rart vi nordmenn har vanskar med å forklare utlendingar reglane i bruken av norske preposisjonar?
Innlærde vanar
Når vi er i Sør-Fron, og stoppar på Hundorp, kan vi ta turen til Otta og Lillehammer, alt etter kva slags retning vi kjem frå. Etter å ha kome fram til Lillehammer, seier eg at eg er i Lillehammer, men snur eg og endar på Otta, så endrar også preposisjonen seg, og det har ikkje noko med retninga nordover eller sørover å gjera, for vi har da alltid sagt vi er på Otta. Men kvifor seier vi på Otta og i Lillehammer? Kva er regelen for bruk av på eller i her? Lyttar vi til NRK, hører vi også i Lillehammer, men folk lenger oppe i dalen seier gjerne dei er på Lillehammer, når dei er der på julehandel. Skulle preposisjonsbruken ha endra seg etter at Otta fekk bystatus i 2000, så skulle det vera i Otta på same viset som i Lillehammer. Det er lite truleg at preposisjonsbruken endrar seg i takt med skifte frå bygd- til bystatus. Til det er innlærde vanar i språkbruken for vanskelege å vende.
Språkteigen
Etter å ha grunna over i og på, etter å ha vore både i Molde og på Sotra i tankane, la eg ut dette spørsmålet på Twitter med adresse Språkteigen: «@sprakteigen Preposisjonsforvirring rundt by og land. Riktig å bruke prep. «i» om byar, «på» utanom byar? Som i byen og på bygda?» Interessant tilbakemelding frå @rjupa (Eli Bjørhusdal) på Twitter: «@LivMarieSchou eg er ikkje @sprakteigen , men d er ingen slik regel, meir ein tendens. Ei rad bygdenamn tek «i», t.d. mange med suffiks-dal.»
Eg fekk fleire gode forslag på Twitter. Alt frå dei som svara dei nytta geografi som peikepinn; i ved havet, elles på: «På Lier, noko heilt anna anna enn i Lier, på Kongsberg, på Hønefoss, i Sylling, i Numedal», var det ein som tvitra. Nokre meinte at fylka hadde «i» konsekvent; i Rogaland, i Østfold, i Vestfold, i Telemark, i Vest-Agder, i Aust-Agder, i Finnmark, osv., medan andre ville ha dette valfritt; i Agder eller på Agder.
Spør dei som bur der!
Fleire meinte det kunne ha noko med skilnaden mellom ved havet og i innlandet å gjera, som «i» ved kysten og «på» ved innlandet. Språkteigen, @sprakteigen, svara på Twitter: «Sylfest Lomheim sier alltid: spør folk på stedet! Ingen generell regel dekker i/på-problematikken.» Dermed gjev vi alle rett og rettar oss etter god skikk og bruk, danning og med omsyn til kva dei på den aktuelle staden seier, som Twitter-meldinga: «helt klart «på Lillehammer».
Innflyttere på Sørlandet skjønner ikke «på Fevik» og «i Vennesla», men sånn sier alle det her...» Ja, slik seier alle det her, og vi som ikkje er derifrå, må rette oss etter det dei seier der, vi er jo eit høfleg og danna folkeferd og spør oss fram, etter rådet frå Sylfest Lomheim; vi spør folk på staden. Det må vera ein god peikepinn for preposisjonsbruken i bygd og by, ved havet og i innlandet. Så blir det å vera ein stad lettare, når dei på staden gjev preposisjonsretninga i eller på, eller omvendt.
Les også
Siste fra seksjon
-
Mytene om Hellas
En misvisende fortelling om late arbeidere og tidlig pensjonsalder dominerer debatten.
23 februar 2012 10:48


Kommentarer