Utskrift er sponset av InkClub InkClub

Kampen mot nynorsken

Høgre vil ha nynorsk vekk. I sin kommentar i Aftenposten 8. juni gir Per Anders Madsen si støtte til Høgres ulike manøvrar for å torpedera det grunnleggande prinsippet i norsk språkpolitikk, at vi har to jamstelte skriftspråk, bokmål og nynorsk. At Aftenposten er mot nynorsk, er gammalt nytt, det som forundrar er at ein oppegåande kommentator lar seg lura til å tru at Høgre er opptatt av norskfaget. Høgre vil ha vekk sidemålet – punktum.

Kunnskapskrav

Det er på høg tid å diskutera norskfaget, kvaliteten på undervisninga, vekting av ulike disiplinar, karakterar, stil eller ikkje stil osb. Men det må ein kunne gjera utan å rikka ved det sjølvsagde kunnskapskravet ein må kunna stilla til ei 13 års allmennutdanning i ein språkkløyvd kultur. Dokumentert kunnskap i begge målformer er sjølve grunnlaget for ein tospråkpolitikk.

Dette poenget nemner ikkje Madsen med eit ord, sjølv om dette er den dramaturgiske nøkkelen i Høgres strategi for eit såkalla valfritt sidemål, og byrådet i Oslo sitt utspel om eit nytt «forsøk» med fritak frå sidemål.

Dominoeffekt

Ein treng ikkje lange opphald i konservativ tenketank før ein ser for seg den språkpolitiske dominoeffekten av «fridomen»: Berre elevar med nynorsk hovudmål kan etter kvart fylla kompetansekravet til viktige stillingar i den tospråklege staten.

Sidemålsfrie lærarkandidatar kan berre undervisa i frigjorte område. Denne innskrenkinga av eit fritt yrkeksval kan vi sjølvsagt ikkje leva med. Det må da halda lenge med eitt offisielt skriftspråk i dette folkeskrinne landet. Og tenk på all den frigjorte tida vi da får til all den vakre nynorske litteraturen, særleg poesien, og den spennande språkhistoria vi kjem til å vera så levande interesserte i når vi berre slepp å skriva språket historia handlar om.

Valfridom

Madsen legg ikkje skjul på at det er lite handfast forsking å støtta seg til når ein vil syna fruktene av all denne valfridomen. Han er likevel så freidig å koma dragande med Oslo-forsøket frå 2007. Eit forsøk som ingen språklege forskingsmiljø i Noreg ville ta i med tong, og ei evalueringa som heller ikkje kunne underbygga noko som helst.

Den språkhistoria eg likar best handlar om Oslojentene med innvandrarbakgrunn som for ei tid sidan stod fram og ville fråbe seg fritaket frå sidemålsundervisning på grunnlag av bakgrunn.

Dei ville konkurrere på like vilkår og ha full språkleg kompetanse – høyrest nesten ut som eit Høgre-slagord – og dei rekna ikkje ein seksar i sidemål som urealistisk.

Les også

Kommentarer

Debatten vil bli moderert i ettertid

Siste fra seksjon

På forsiden akkurat nå

Siste nytt

Tjenester

Dagens eAvis

Aftenposten eAvis

Kjøp dagens eAvis

Les mer