Mest delt
- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?
Gatekunstbydelen
Sov i Sofienbergparken i protest mot overnattingsforbud
Advarer mot terror fra Groruddalen
-
Anders Behring Breivik var inspirert av eit internettmiljø som kallar seg «counterjihadist», eit miljø som forfekter ein ideologi som vel kan kallast høgreekstrem, og som også har koplingar til europeisk nyfascisme, skriv Strømmen. FOTO: AFP/SCANPIXFOTO: HO
Kven er terroristen?
Verken kristenkonservativ eller nynazist.
AV: øyvind øyvind strømmen
Etter gårsdagens horrible terroråtak i Oslo og på Utøya, og etter at det vart kjend at gjerningsmannen er ein norsk 32-åring, har det byrja å koma spekulasjonar og informasjon om kven Anders Behring Breivik er. Nokre journalistar har festa seg ved at han omtala seg som både «kristen» og «konservativ», og kallar han nettopp det. Nettabloiden Stavangeravisen kallar han nynazist.
Breivik var inspirert av eit internettmiljø som kallar seg «counterjihadist», eit miljø som forfekter ein ideologi som vel kan kallast høgreekstrem, og som også har koplingar til europeisk nyfascisme. Det er eit miljø eg har fulgt rimeleg nøye gjennom fleire år. Eg er ikkje overraska over at det er eit miljø som no har ført fram til ein terrorhandling i Noreg. Det overraskande er skalaen, storleiken på terroråtaka. Fleire er drept enn ved Al Qa’ida-åtaket i London for nokre år sidan. Sjølv om det finst eksempel på terroråtak utført av folk med tilsvarande motiv tidlegare, har dei ikkje vore i slik skala.
Skalaen og framgangsmåten ved bombeåtaket gjorde at mange mistenkte islamistiske terroristar. Så også underteikna. Me tok feil.
Terroristen var ein norsk ekstrem nasjonalist, ein sjølverklært «kulturkonservativ» – som om massedrap på mindreårige er «kultur» eller «konservatisme». Han gjekk målretta etter å drepa politisk engasjerte ungdomar, medlemmer av AUF, som han har knytt til det han kallar «kulturmarxismen». Målet var ikkje tilfeldig. Det var høgst målretta. Korleis kan eg hevda det?
Anders Behring Breivik har vore ein aktiv deltakar på nettstaden document.no. Det er ikkje rimeleg å klandra document.no for det. Sjølv om nettstaden har vore ein sentral stad for innvandringskritisk tenkning i Noreg dei siste åra er han i denne samanhang moderat. Redaksjonen til document.no består ikkje av gale rasistar, og dei har nok – som oss alle – ei tung tid no. Men Breivik sine kommentarar på nettstaden – som document.no no har publisert i sin heilskap – avslører rimeleg presis kva tenkning som har inspirert Breivik. I ein kommentar heiter det:
«Jeg drev forretninger noen år mens jeg studerte og tjente noen mill slik at jeg kunne finansiere en inntektsløs politisk aktiv tilværelse. Jeg bruker nå disse midlene til å kunne jobbe fulltid med å videreutvikle/markedsføre Viennaskolen (Vienna school of thought) som Fjordman, Bat Yeor, Spencer + mange andre allerede har bidratt så mye til. De siste tre år har jeg jobbet fulltid med et kulturkonservativt verk som vil bidra til å videreutvikle/markedsføre disse politiske doktrinene ytterligere.»
I ein annan skriv han:
«Vet ikke helt hvor jeg skal ta det opp men vår egen Fjordman er i ferd med å bli kåret til 3 plass blant de mest anerkjente/innflytelsesrike Europeiske anti-Jihad/anti-multikulti/anti-Marxist intellektuelle/bloggere. Etter Gates of Vienna (nr. 1) og New English Review (2). Ovverraskende nok ligger Fjordman faktisk an til å slå selveste Brussels Journal! Med andre ord. De som enda ikke har lest Fjordmans bok: «Defeating Eurabia» har ikke fulgt med i timen. Jeg vet at det er vanskelig å bli profet i eget land men dette er over all forventning. Gratulerer Fjordman!»
For langt dei fleste nordmenn er nok både Fjordman, Gates of Vienna, Bat Ye’or og Robert Spencer relativt ukjende namn. Eg har skrive ein del om dei tidlegare, blant anna i denne artikkelen på depesjer.no. Der skriv eg om både Bat Ye’or og Fjordman, og eg siterer også frå Fjordman si «europeiske uavhengigheitserklæring» publisert hjå blant anna Brussels Journal. I denne heiter det (mi omsetjing frå engelsk til nynorsk):
«Dersom desse krava ikkje vert fullt ut fulgt opp, dersom den europeiske union ikkje vert oppløyst, multikulturalismen ikkje vert avvist og den muslimske innvandringa ikkje vert stogga så har me, Europas folk, ikkje noko anna val enn å konkludera at myndigheitene våre har gjeve oss opp, at alle skattane dei samlar inn er urettvise og at lovene som vert vedtatt utan vår aksept er illegitime. Me vil slutta å betala skatt og ta dei naudsynte stega for å verna om vår eigen tryggleik og sikra vår nasjonale overlevnad.»
Dei fleste i desse miljøa – antakeleg inkludert Fjordman – er knappast valdsmenn, og dei oppmodar sjeldan til direkte valdelege åtak. Tonen vert likevel sett i tekstar som den eg siterer over. Og i årevis har desse gruppene spreidd ideane sine over nettet, og slik bidrege til ei radikalisering. Eg åtvara mot dette i boka mi «Eurofascism» for fleire år sidan. Då skreiv eg:
The mythos of Fallaci and Bat Ye’or tell a story highly reminiscent of traditional fascist thinking. Europe is being occupied by a foreign cultural-religious force described solely in negative terms. This is the fault of the «liberal elites». It is no surprise that some Eurofascists support an apartheid regime based on religious adherence, and that they want leading liberal politicians tried for «treason».
In late 2005, for instance, a Norwegian blogger – living in one of the world’s richest countries, a country which has repeatedly been ranked as the ‘best place to live’ by the United Nations – called for a stop of all Muslim immigration. He also called for denying asylum to all asylum seekers «of Muslim faith», and for reviewing «all citizenships given by the Norwegian state for the last 40 years». In addition, he noted that «converting to Islam should be outlawed and viewed as cultural treason, and the convert should be banished». All this, of course, is only «a good beginning».
While this specific blogger was unknown even then and now is forgotten in the digital jungle, similar ideas are increasingly pushed by what could be called the brownshirts of the IT-era. Others, perhaps realising the difficulties of winning through with political demands as those above, resort to politically motivated violence and in some cases even to terrorism.
Eg skulle ynskja at eg tok feil den gongen. Dette er den absolutt mest ubehagelege «kva var det eg sa?»-augneblinken eg nokon gong har opplevd. Elles vil eg visa til artikkelen «De usynlige terroristene» som Shoaib Sultan og underteikna skreiv i Samtiden nr. 2, 2007. Eit relevant utdrag:
«I media og hos politikerne har imidlertid fokuset på islamistisk terrorisme blitt mer og mer enøyd, preget av manglende kjennskap til ulike terrorgruppers motiver og i blant – som i tilfellet Berg – av en slående historieløshet. Strategier og forklaringsmodeller som gjør muslimske terrorister til noe grunnleggende annerledes enn «våre egne terrorister» gjør det vanskeligere å bekjempe dem: likhetene mellom høyreekstreme og islamistiske terrorister er langt større enn ulikhetene.
Den viktigste regelen i enhver konflikt er at man burde kjenne sine fiender. I kampen mot terrorisme virker europeisk og amerikansk opinion å ha sett seg blind på et karikert bilde av en av fiendene. De andre blir altfor ofte glemt. Det kommer til å bli utnyttet.»
Aldri har det vore verre å få rett.
Tankane er framleis uklåre. Sjokket er framleis overveldande. Men ein ting er eg iallfall sikker på. Neste gong eg høyrer nokon repetere mantraet «alle muslimer er ikkje terroristar, men alle terroristar er muslimar» kjem eg til å verta verkeleg fly forbanna.
Kommentarer
Siste fra seksjon
-
Uheldig begrunnelse
Røeggen-dommen betyr ikke at de som har tapt milliarder på strukturerte spareprodukter har krav på å få tapene dekket.
21 mai 2013 11:14
Oyvindstrommen.be traktningar
Mest lest meninger
- Hvorfor forteller ikke mediene hva en ikke-vestlig innvandrer koster?
Hver ikke-vestlige innvandrer koster Norge rundt 4,1 millioner kroner i snitt i livsløpet, skriver Finansavisen.
Kan kunsten hjelpe oss å se romfolket bedre?
- Oslo kommune behandler romfolket som et estetisk og sanitært problem, skriver kunstkommentator Kjetil Røed som mener kunsten kan gi oss nye verktøy til å se romfolket bedre.
Mest kommentert siste døgn